Det var ein relativt stor kontroll politiet gjennomførte, med fleire tenestefolk i aksjon.

Kontrollen vart halden på den store rasteplassen på sørsida av skaret, også kalla "Doperlå". Tilnamnet har plassen fått mellom anna fordi utsikta her er så flott.

Flott vart også resultatet av promillekontrollen. Av 86 kontrollerte bilførarar bles samtlege grønt. Alle fekk tommel opp og grønt lys til å halde fram si ferd.

Vestlandsnytt var på staden under kontrollen. Vi kunne registrere at mange av dei kontrollerte også nytta høvet til å takke utsendingane frå lovens lange arm for at dei gjennomfører slike kontrollar.