Ei dame er køyrt til legekontoret etter å ha blitt påkøyrt av ein saktegåande bil på toppen av SkarabakkeN. Det er sett opp eit midlertidig gangfelt i området der det skjedde. Politipersonell på staden fortel at skadeomfanget er ukjent, men at det ikkje er ei alvorleg ulykke. Det var litt uklare trafikkforhold på staden.

Då Vestlandsnytt kom til staden var politiet på plass for å etterforske hendinga. Politiet oppretter sak.