Det seier ein skuffa, men altså ikkje overraska ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr, etter fredagens budsjettlekkasje frå regjeringa.

Her heiter det at innseglinga til Senjahopen, utbygginga av Gjøsund fiskerihamn i Giske og Gamvik fiskerihamn er dei tre prioriterte tiltaka som vert med i den statlege forskotteringsordninga.

Dette er sjølvsagt ein stor nedtur for alle forkjemparane for utdjuping, med tilhøyrande næringsretta utbygging i Fosnavåg.

- Det er sjølvsagt nedslåande at Fosnavåg fiskerihamn ikkje vert prioritert. Ikkje minst med tanke på dei signala som har kome frå øvste hald om våre moglegheiter til å bli med i denne runden. Vi må no slå fast at vi gong etter gong har blitt oversett, og at Gjerdsvika og Gjøsund har passert oss i køen, seier ein vonbroten Goksøyr til Vestlandsnytt.

Fosnavåg var mellom pådrivarane til å få etablert forskotteringsordninga for fiskerihamn og farleitiltak. Ikkje minst det gir Goksøyr ein ekstra grunn til å kunne hevde at Fosnavåg har blitt totalt oversett.

MÅ med før fylkeskommunen får ansvaret

- Vi ser at det vert signalisert frå departementet at pengar som vert til overs, kan gje andre tiltak innpass i forskotteringsordninga. Her er vår moglegheit. Når ansvaret for slike utbyggingar etter 2020 skal overførast til fylkeskommnuen, vil det vere eit langt trangare nålauge. Her vil eventuelt Fosnavåg fiskerihamn måtte kjempe mot bruer og andre større samferdselsprosjekt i fylket. Vi må for all den unngå å hamne i den situasjonen, seier Goksøyr, som slår fast:

- Vi må bli med før fylkeskommunen får ansvaret.

- Er Fosnavåg hamn klart til utbygging?

- Det står att nokre mindre detaljar og avklaringar, men desse er ikkje av eit slikt omfang at dei ville ha vore til hinder for ei gjennomføring om vi kom på prioritet, seier Goksøyr. Han omtalar desse siste detaljane som «småtteri» i den store samanhengen.

Fredag sende samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) ut ei pressemelding der han lettar på sløret og fortel om tre prosjekta som er utplukka til å vere med i ei forskotteringsordning som dermed sikrar rask realisering.

Her kjem det fram at departementet har fullmakt til ei forskotteringsfullmakt på 350 millionar kroner. Det kom inn 11 søknader med ein samla søknadssum på 1,377 milliard kroner.

Dale slår fast at forskotteringsordninga har blitt svært godt motteken i heile landet, og at det har kome inn mange gode søknader. Så nemner han dei tre utvalde prosjekta, og legg til:

- Dersom det er midlar igjen etter denne runden, vil departementet kontakte andre som har søkt.

Stortinget har vedteke at regionane (for oss: Møre og Romsdal, red. mrk.) skal overta eigarskapen og forvaltningsansvaret for fiskerihamneanlegg frå 1. januar 2020. Regjeringa har fått på plass fleire overgangsordningar knytt til mellom anna overføring av kompetanse og informasjon frå Kystverket til regionane, og forskotteringsordninga Stortinget vedtok, er ein viktig del av dette arbeidet.

- Kvaliteten på søknadane og gjer meg endå tryggare på at regionane er klare og vil handtere det på ein god måte når dei tek over dei statlege fiskerihamneanlegga i 2020, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.