Skal hjelpe lokale bedrifter å vekse

Sparebanken Møre er valt ut som ein av pilotbankane som kan gjere det enklare for små- og mellomstore vekstbedrifter å få finansiering.

Administrerande direktør Trond Nydal  i Sparebanken Møre presenterte Vekstgarantiordningen i Fosnavåg torsdag  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

Administrerande direktør Trond Nydal  i Sparebanken Møre presenterte den nye Vekstgarantiordningen under opninga av gründerkonkurransen Næringsteft, i Fosnavåg konserthus torsdag.


Kjempesamling i Fosnavåg

- Årets gründer-happening i fylket

Årets Næringsteft opnar med et brak i Fosnavåg 4. oktober der ikkje mindre enn 100 gründerar startar jakta på ein million kroner.

 

Vekstgarantiordningen vart etablert av Innovasjon Norge og Det europeiske investeringsfondet (EIF) i 2017, og inneber risikoavlasting til bankar som yter lån til innovative eller raskt veksande selskap. Frå før er tre bankar med i pilotordninga, og nyleg vart ytterlegare tre tekne opp i programmet – derimellom Sparebanken Møre.
 

Støttespelar for næringslivet


– Sparebanken Møre har ein klar strategi om å vere ein viktig bidragsytar til og støttespelar for næringsutvikling i regionen vår. Vi har eit tett og godt samarbeid med næringslivet rundt oss, og dei siste åra har vi gjennomført ei rekkje tiltak for å leggje til rette for gründerskap, omstilling og vekst. Vekstgarantiordningen er eit initiativ som gir oss moglegheit til å styrke denne innsatsen ytterelegare, seier leiar for divisjon Næringsliv i Sparebanken Møre, Terje Krøvel i ei pressemelding.

Ordninga inneber at Innovasjon Norge garanterer for 75 prosent av banken sine eventuelle tap på enkeltengasjement inntil kr 4 000 000 per bedrift, under føresetnad av at det er godkjend av Vekstgarantiordningen. Dette gir banken moglegheit til å bidra med finansiering til bedrifter som vert sett på som kredittverdige, men som ikkje kan stille tilfredsstillande sikkerheit for finansiering. Totalt har avtalen ei ramme på 50 mill. kroner.

Vekstgarantiordningen vil i løpet av kort tid vere klar for oppstart, og bedrifter som oppfyller kriteria kan søke om finansiering i pilotperioden, som varer til mai 2020, heiter det i pressemeldinga.