Styret skiftar toppsjef igjen:

Olav Nakken er ny sjef i Kleven

Olav Nakken er ny administrerande direktør ved Kleven Verft AS. Han tek over for Karsten Sævik.

Den nye Kleven-direktøren har blant anna vore ansvarleg for klassifiseringsverksemda av nybygde cruise- og passasjerskip i Det norske veritas (DNV), og har leia drifta av fire verft i Aker Yards.  Foto: Kleven

New Articles

I ei pressemelding har styreleiar i Kleven, Ørjan Svanevik, følgjande kommentar.

- Vi er veldig glade for å få på plass Olav som ny administrerande direktør ved Kleven verft. Han har ein unik og brei bakgrunn frå bygging av cruise- og passasjerskip, og tung internasjonal erfaring frå verftsbransjen. Det gir han eit perfekt utgangspunkt for å posisjonere Kleven i eit viktig vekstsegment, og rigge verftet for nye kontraktar i åra som kjem.

Den nye direktøren vart presentert under eit allmøte måndag formiddag.

- Kleven har ein heilt spesiell posisjon, med ein kombinasjon av stolte tradisjonar, moderne teknologi og unik kompetanse. Eg kjenner både verftet og organisasjonen, og ser kor store moglegheiter som finnast for å sikre verftet meir arbeid i åra framover, seier Nakken.

I det siste året har Nakken vore prosjektdirektør for Hurtigruten sin nybyggorganisasjon.

Takkar Karsten Sævik for jobben

Karsten Sævik, som har leia Kleven gjennom den siste omstruktureringsperioden, vil i ei overgangsperiode vere tilgjengeleg for rådgiving for verftet.

- Styret ynskjer ei tettare oppfylging av verftet, og ynskjer difor ein administrerande direktør som vi har hatt ein lengre relasjon til og jobba med over tid, seier Svanevik.

- Styret ynskjer å takke Karsten for jobben han har gjort på Kleven, og set pris på at han er tilgjengeleg for oss også ei periode framover, held Svanevik fram.