- Det er gledeleg å kunne løfte dei siste atterhald på byggekontraktane, noko som sikrar leveranse i 3. og 4. kvartal 2020, seier administrerande direktør i Havila Kystruten, Arild Myrvoll i ei pressemelding.

I pressemeldinga går det også fram at det er Tersan og Barreras som skal bygge dei fire skipa.

Rekordkontrakt for Havyard Design & Solutions

Havila Design & Solutions har fått i oppgåve å levere skipsdesignet.  Kontraktsverdien er på over ein milliard kroner. Selskap i Havyard-gruppa og andre norske utstyrsleverandørar skal levere utstyr i pakken. Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group seier denne kontrakten er ein milepåle.

- Dette er ei rekordkontrakt for Havyard Design & Solutions og er med på å grunnfeste vår posisjon som eit maritimt teknologikonsern i verdsklasse, med brei kompetanse i mange segment, seier konsernsjefen.

Havyard Design & Solutions har over lengre tid arbeida med designet, og stålklasseteikningane er allereie klare. Det betyr at stålkutting vil starte på denne sida av nyttår.

Designsjef Arve Helsem Leine i Havyard Design & Solutions, har dette å seie:

- Den tette samhandlinga mellom kunde og aktørane i den maritime klynga har mogleggjort eit design og ein utstyrspakke som verkeleg oppnår dei eigenskapane kunden var ute etter

Han får støtte av Gisle Vinjevoll Thrane, salsdirektør i Havyard Design & Solutions som er fornøgd med at dei no har gått inn i eit nytt segment.

- Kompetansen, erfaringa og verktøya vi og våre samarbeidspartnar har gjer oss i stand til å ta på oss stadig nye utfordringar frå våre gode, krevjande kundar, seier han.