Hard innsats frå heile laget sytte for at Larsnes/Gursken tok eit sterkt og viktig poeng på heimebane mot Aafk 2 laurdag. Bortelaget skapte særleg utover i 2. omgang nok sjansar til å ta med seg tre poeng, men LGFK heldt stand.

– Det er bra gjort at vi klarer å stå sånn imot. Vi har ein plan, og den fylgjer vi til punkt og prikke. Klart, Aafk 2 hadde nokre sjansar, men vi gjer ein kanonjobb, sa Anders Vaagen på veg mot garderoben etter kampen.

Folk både på og utanfor bana var snare å forlate den klissvåte atmosfæren etter at jubelen for eit viktig poeng i botnstriden hadde lagt seg.

Kompakt heimelag

Aafk 2 stilte som vanleg med ei rekkje ballspelande unggutar, med den største trusselen på topp i Pape Habib Gueye. I ein heller sjansefattig 1. omgang var Aafk 2 nærast skåring.

Leiv Sindre Muren redda på strek etter 9 min. Eit kompakt LGFK hindra Aafk å kome til skot, før ei sjeldan forsøk frå 15 meter sneia stolpen etter halvtimen.

Bortelaget la inn ein liten spurt før pause, men kom ikkje nærare enn ei klarering i siste liten frå Jørn Olsen frå to meter.

Pressa på i 2. omgang

Senegalesiske Gueye og Aafk 2 losna fleire skot i løpet av 2. omgang. Dei gongane LGFK-forsvaret ikkje kom i vegen, enda forsøka i hanskane på ein alltid velplassert Ståle Pettersen, eller utanfor og i elva.

Også regnskytset auka på utover i 2. omgang, og vêforholda vart mildt sagt utrivelege både på bane og tribune. Det hindra ikkje tilskodarane i å oppmuntre dei hardtkjempande og gjennomvåte i raudt og kvitt, som verka å verte eggja av den piskande nedbøren.

LGFK var aldri nære skåring i løpet av siste halvdel, men å verte det andre laget som hindra Aafk 2 skåring denne sesongen var ein siger i seg sjølv.

Glad målvakt

Ståle Pettersen vart kåra til dagens LGFK-spelar. Jubelbrølet vart høyrd godt gjennom regnet i det dommaren bles av fem minutt på overtid.

- Det var veldig godt å få 0–0 her. Eg er utruleg stolt av gutane.

- Kva sytte for poeng i dag?

- Vi stolte på kvarandre, hadde bra kommunikasjon og var kyniske, sa målvakta på veg mot ein varm dusj etter kampen.

Volda, som tapte 0–5 for SIF/Hessa fredag, er motstandar for LGFK på Volda stadion i neste kamp.