Vi utfordrar andre arbeidsstadar å gjere det same. Vi leitar fram pinnane og strikkar i pausen istadenfor å ha nasa i mobilen. Det ligg mykje kjærligheit og omtanke i kvar maske.

Det er Kirkens Bymisjon som ynskjer å spreie varme og glede inn i mørketida. Mange går ein kald haust og vinter i møte.  Den offisielle oppskrifta er laga slik at det er enkelt å strikke, 30 maskar og 4 garnnøste pr. skjerf.

Ferdigstrikka skjerf  kan leverast på Fest og Fritid i Fosnavåg. Dei vil vidaresende skjerfa til Bymisjonssenteret i Ålesund.

Skjerfa skal delast ut i gater over heile Noreg nokre dagar i forkant av Årets TV-aksjon 21. oktober. I tillegg til å vere ei fysisk gåve til nokon som frys, skal skjerfa minne folk om at det lever mange menneske i landet vårt som treng å kjenne varme og inkluderande fellesskap. Det oransje skjerfet er til menneske som frys, dei som vil vise solidaritet med menneske som frys og som opplever utanforskap. Og til menneske  som vil vise sitt ynskje om eit varmt og inkluderande samfunn.

Vi håper fleire arbeidsstadar og privatpersonar tek utfordringa!

Oddveig Fr. Sævik og Bodil J. Kopperstad