Kvart 40. sekund tek eit menneske sitt eige liv. Det er bakgrunnen for at Verdensdagen for sjølvmordsforebygging vart markert 10. september. I forlenginga av denne markeringa blir kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag prega av innsatsen for å hjelpe menneske i krise. Hilde Lillestøl er samtalegjest. Ho leier Krikens SOS si avdeling i vårt fylke, og i samtale med Jens Terje Johnsen vil ho fortelje korleis dei som ringjer inn til krisetelefonen blir møtte.

Synnøve Sandøy Voldsund og Vegard Voldsund er eit ungt ektepar som til dagleg arbeider på Møre barne- og

ungdomsskule i Myrvåg. Musikk er ein viktig del av kvardagen deira, og dei har lenge bidratt med song og musikk i ulike lokale samanhengar. I fjor gav dei ut cd-en «Himmelrik» med gamle, kjære salmar i ny drakt. Søndag deltek dei i kveldsmessa i Herøy kyrkje.

Elles blir kveldsmessa som vanleg prega av god salmesong, nattverd både med kneling og intinksjon og kyrkjekaffi etterpå.