I Vestlandsnytt den 21.08 gjorde eg greie for konkrete, dokumenterte hendingar opplevd av tilsette i Herøy kommune. Desse viser at Herøy har eit godt stykke att før kommunen lever opp til dei verdiar kommunestyret har vedteke skal gjelde for tilsette og politisk tillitsvalde.

Rådmannen svarar at kommunen siste året har arbeidd målretta for å verte betre på etikk, service og kvalitet. Det tvilar eg ikkje på. Eg er viss på at rådmannen står fullt bak vedtaket og at han arbeider målmedvete for å gjennomføre det. Det som likevel er å undre seg over er at trass dette, opplever tilsette at lover, avtaler og etikk vert sette til sides, og at leiinga forsvarar, eller ikkje korrigerer, disse handlingane.

Det gjer inntrykk på meg når enkelte tilsette i kommunen, i etterkant av innlegget 21.08, fortel meg om subjektiv oppleving av mobbing, når meir enn ein fortel at leiinga har innhenta anonymiserte rapportar frå tilsette som den det gjeld ikkje skulle få innsyn i, og når ein fortel om trugsmål om gjengjeldelse dersom det vert sendt varsel til Arbeidstilsynet. La meg presisere at dette i hovudsak er muntlege overleveringar, og er arbeidstakaren si subjektive oppleving. Det som er meir enn bekymringsfullt er at disse historiene har likskap med dei dokumenterte hendingane eg omtala.

At eit medlem i kommunestyret la ut eit innlegg på sosiale media som harselerte med etikkutvalet og underteikna, framstår vel meir som ein kuriositet. Men det kan og oppfattast slik at ikkje alle politiske tillitsvalde tek sitt politiske oppdrag seriøst. Det skal tilføyast at vedkomande, etter tilrettevising, fjerna innlegget.

Det framstår og noko kuriøst at nokre medlemer av kommunestyret oppfatta innlegget mitt meir som del av ein større «politisk konspirasjon» og at innhaldet såleis ikkje var noko å ta på alvor.

At kommunestyret likevel einstemmig vedtok å vidareutvikle arbeidet til etisk komite, vitnar om at det store fleirtal ønskjer at all politikk og forvalting skal utøvast innanfor dei etiske rammer vi byggjer lokalsamfunnet vårt på. Det er betryggande å vite.

At kommunen har rykt fram på kommunebarometeret, mellom anna som følgje av vedtak av etiske reglar og serviceplakat, gir håp om at disse verdiane og skal finne sin veg inn i det daglege arbeidet. Men det er først når vedtaka får direkte og positive følgjer for tilsette og innbyggjarar at opprykket framstår som fortent.

Det som likevel er mest påfallande er den «øredøvande taushet» innhaldet i innlegget er møtt med både frå administrativ og politisk leiing.

Tenk om vi hadde ei administrativ leiing som tydeleg og klart sa i frå, både utad og innad, at lover, avtaler og etiske reglane skal følgjast i alle samanhengar der vi møter tilsette og innbyggjarar. At verdiane; Respekt. Tillit. Samhandling, saman med at du som tilsett skal vere tilgjengeleg, imøtekomande, sannferdig, halde fristar og ikkje drive forskjelsbehandling, er den ramme kommunen skal utøve sitt forvaltaransvar innanfor.

Tenk om vi hadde ei administrativ leiing som tydeleg og bestemt «sette foten ned» når medarbeidarar bryt lover, avtaler og dei  etiske reglar, og ikkje forsvarar openbare brot på desse.

Tenk om kommunalsjefen som sette i verk hemmeleg overvaking av ei gruppe medarbeidarar, og som krevde at underordna medarbeidarar sette i verk anonymisert

innhenting av opplysingar om einskilde arbeidstakarar, var så audmjuk at vedkomande sa at dette var feil, eg bed om orsaking.

Tenk om kommunalsjefen som forsvarte innhenting av anonymiserte opplysingar om arbeidstakarar, kunne seie at dette var feil, dette kan eg ikkje forsvare, dette skal vi rette opp.

Tenk om kommunalsjefen som tillet medarbeidarar å bruke mellombels tilsette i vikarkontrakter på ein måte som er i strid med lov- og avtaleverket, fekk orden på det, slik at kommunen slepp å betale ti-tusenvis av kroner i kompensasjon uten å få arbeid att for pengane.

Tenk om medarbeidaren som bevisleg gav feilaktige opplysingar om kommunen sitt personalregelverk, som avtalte møte uten å halde lovnaden, og som avviste den tilsette sin lovfesta rett til referat godkjent av begge partar, kunne ta kontakt med vedkomande og seie: eg har gjort feil, eg er lei for det, la meg få rette feilen opp.

Og til slutt:

Tenk om kontrollutvalet sette i verk ein gjennomgang av forvaltinga si etterleving av kommunestyret sitt vedtak om etiske retningslinjer.

Tenk om vi hadde ei politisk leiing som eintydig og offentleg slo fast at dei etiske reglane er gjeldande for all forvaltning i kommunen, og at det er politisk uakseptabelt at desse ikkje vert følgde.

Det er først når det vert lagt politisk vilje og tyngde bak ein kan lukkast å skape ei forvalting som etterlever dei verdiane kommunestyret har vedteke.

BJØRN MARTIN AASEN