Om nokre  få veker er det haustferie, og den er det  mange som gler seg til. På leirane skjer det mykje kjekt!

Det er leik, bibelsamling, glimt frå misjon, song og det blir misjonstivoli. Det blir aktivitetar på fotballbana – det blir aktivitetar ute og inne. Vi samlast ved lavoen, det er kiosk. Det blir kanoturar, men kanskje er det litt for kaldt til å bade i sjøen...

Om kveldane er det leirkveld med sketsjar, leikar og anna program. Det blir sikkert supert. Det er vanskeleg å fortelje alt. Det er betre å ta seg ein tur sjølv og sjå kva som skjer.

Det blir to leirar for born. Den første leiren er frå måndag 8. oktober til tysdag 9. oktober og er for 2-4. klasse. Den andre  leiren er frå laurdag 13. oktober til søndag 14. oktober og er for 5-7. klasse.

Kjeldsund ligg på Gurskøy i Herøy kommune, Søre Sunnmøre.

Det seiast at det er sunt med sport året rundt. Og det same kan seiast om Kjeldsund. Her er det flott heile året – også om hausten.

Det gjeld å melde seg på fort- før leirane blir fulle.