Konserten kan by på kjende og kjære musikalske innslag av høg brassbandkvalitet. Det er fyrste gongen Molde Brass Band, med dirigent Nick Ost, vitjar Fosnavåg konserthus. Dei ser fram til å fylle huset med harmoniske klangar, spenstige løp og ein fyldig «sound», som berre eit korps i elitedivisjonen kan gjere!

For Herøy Brass vert dette fyrste konsert under leiing av den nye dirigenten, Ines Vatne! Dei har hatt eit par månadar til å bli kjende med kvarandre, og er klare for å levere ein strålande konsert.

Molde Brass Band blei stifta hausten 1979, av og med musikarar frå det da nedlagde Fuglset musikkorps. Molde Brass Band er eit aktivt korps, med medlemer hovudsakleg frå Molde og Romsdal, men rekrutterer medlemer fra heile Møre og Romsdal fylke. Korpset har fleire tradisjonar som befolkninga i og rundt Molde set pris på.

Molde Brass Band fikk Molde Kommunes kulturpris 2017.Korpset konkurrerer i elitedivisjonen i Norgesmesterskapet for brassband med tredjeplass i 2009 som beste prestasjon.

På heimesida vår www.heroybrass.no under fana «om oss» står det litt informasjon om kven vi er, og kva vi driv på med. Vi er stadig på jakt etter nye medlemer. Det gjeld særleg på slagverk og kornett.

Steffen Hasfjord, styreleiar Herøy brass