Tidlegare i år stod bygdefolket i indre samla mot forslaget til kommunen om å fjerne brannbilen i Myrvåg. Forslaget skapte stor motstand i heile indre Herøy og er noko som engasjerer dei.

Herøy Senterparti hadde to avisinnlegg om saka der vi støtta bekymringa til folket i indre Herøy. Så snudde kommunen og brannberedskapen i Myrvåg blei oppretthalden.

Men gleda varte ikkje lenge. Kommuneadministrasjonen fekk, med fleirtalet i kommunestyret, løyve til å finne innsparingar.

Løysinga til administrasjonen vart å sette tankbilen i Myrvåg utan sjåførberedskap i ei veke, slik at om det blir utrykking i indre må bilen hentast av personell frå brannvesenet i ytre Herøy.

Så dermed vil kommunen fjerne tryggleiken til folket i indre igjen. Sjølv om kommunen argumenterer med at det er innanfor sonen, så vil det likevel ta tid før brannbilen er på plass. Som alle veit er kvart sekund teljande i ein brannsituasjon.

Dermed skaper kommunen frykt, frustrasjon og utryggleik mellom folket i indre igjen.

Dette handlar om innsparingar i alle avdelingar i kommunen.

Herøy kommune er inne i vanskelege og økonomisk tronge tider. Alle avdelingar må spare, men er det rett å gjere det på ein slik måte at innbyggjarane blir utrygge og engstelege. Er det naud synt å spare på sikkerheita?

Det forundrar oss at dei set sparekniven på innbyggarane si helse, alderdom, skule og oppvekst samt brann og sikkerheit, medan dei leiger inn konsulentfirma til 600.000 kroner for å greie ut Flusund gravplass. Ein jobb som planavdelinga til kommunen kunne ha gjort.

I gode tider er det greitt at ein sponsar lokalt arbeidsliv ved å bruke private tenester som bemanningsbyrå eller konsulentar. Men er det lurt når kommunen har dårleg råd, og dei som leier avdelingane har eit stort press på seg til å få ned kostnadene? Er ikkje det då ein skal bruke dei ressursane kommunen rår over, i staden for å bruke dyre private tenester?

Meiner kommunen s leiing at ein skal ta innsparingane på dei svakaste i kommunen, sjuke, eldre, skule og oppvekst eller råke tryggleiken til folk gjennom kutt i brann og beredskap?

Ville det ikkje vere betre å spare inn der ein kan ved å bruke dei ressursane ein allereie har?

Herøy Senterparti støttar innbyggarane i Herøy sin rett til å kunne vere trygge på at når uhellet er ute, så har dei ein beredskap som er kjapt på plass når ein treng det.

Det får ein ikkje når brannbilen i Myrvåg ikkje er bemanna og ein må køyre frå Ytre Herøy for å bemanne den.

Overskrifta er meint litt ironisk og galgenhumoristisk. Fordi det er trist det som skjer, når ein tar vekk tryggleiken til folk.

Vi i ytre og indre Herøy må stå samla når ein ved innsparinga går til åtak på sikkerheita og tryggleiken til innbyggjarane i kommunen.

Her har fleirtalet i kommunestyret eit ansvar når dei gir kommuneadministrasjonen frie tyglar til innsparingar.

Kanskje det er det kommunen håpar på, at brannberedskapen skal gå på dugnad med innbyggarane i indre. Det er å ta eit langt steg tilbake i tid.

Slik skal vi ikkje ha det i Herøy, er vi verkeleg «Ei båtlengd føre»? Ja kanskje ligg vi ei båtlengde føre, men vi har stø kurs inn i ureint farvatn.

Herøy Senterparti

Leiar Frank Roy Moltu