Då eg opna Facebook idag kom det opp ei annonse på eit flott hus på Sandsøy til salgs. Med heile 5 soverom, god stand (vertfall betre enn Sandebu) og ikkje særleg dyrt heller. Då fekk eg iallefall bekrefta at der er hus å få kjøpt. Flott for Sandsøya, Sandefisk og for tilflytting.

I alle politiske avgjerdsle er det mange meiningar og drøftingar på korleis ein skal løyse det. Men ein fellesnemnar, som burde være ei sjølfølge, det må være at dei tyngste argumenta bør kome frå dei som kan det. For dei som ikkje heng med, snakkar eg sjølvsagt om saka om Kong Arthurspelet - et være eller ikkje være i forhald til huset «Sandebu».

Dei som kan spelet. Dei som har holdt på med det sidan Kongsvollen berre var ei mark i 1999. Dei som sitt på den tyngste erfaringa og fagkunnskapen i høve dette spelet og andre oppsetningar, samt styret i KA-spelet - alle dei seier det same. Eit hus - med god plass, varme, toalettfasilitetar, vatn, straum, sy-rom og kjøkken er HEILT naudsynt for å holde igong eit så stort spel med så mange aktørar og personar rundt.

Då er det for meg uforståeleg at det er noko sak kva andre meiner å tenkjer om det? Når regissør, styret og aktørar seier det same. Eit hus er heilt naudsynt (eg repeterer meg sjølv med vilje)! Uansett om utanforståande eller dei som ikkje har våre med i drift av spelet seier noko anna.

Så kjære Sande kommune - både i denne og i alle andre politiske saker i framtida. Høyr på fagfolket! Det er dei som kan det. Og det handlar for all del ikkje om mangel på kreativitet - for viss det er nokon som har kreativitet i kroppen, så må det være styringsgruppa i Kong Arthurspelet.

Sjølv har eg våre aktør i mange år - og opp igjennom barndommen har sjølvtilitta vokse saman med spelet si utvikling.  Ein fantastisk viktig del av min oppvekst. Sande kommune burde være meget stolte av dette spelet, kulturtilbudet det er for barn i alle aldrar og turismen det gir Sande. Sande kommune burde fronte og hjelpe på alle moglege måtar. For dette dreg folk til kommuna, og Sandsøy. Og folk får opp augene for kor vakkert det er på Sandsøy og i Sande. Eg er heilt sikker på at dette må være meget positivt for tilflytting. Her har også Sandsøy moglegheit for å bruke denne helga til markedsføring av eiga øy. Det er berre fantasien som set grenser.

Sara F. Wiik