Dette er den første direktesende fotballkampen for Vestlandsnytt sin del. Vår nye journalist Stian Langlo Driveklepp kommenterer lokaloppgjeret, medan smp.no stiller med kamerafolk og utstyr.

Kampen er open for våre betalande lesarar. Dei som har papiravisa, men som framleis ikkje har registrert brukar på eAvis/Pluss, bør ringe vår abonnementsavdeling i kontortid fredag for å få ordna det, om dei vil sjå kampen direkte. Heilt nye abonnentar kan ordne det "direkte" på nett.

Vi satsar framover på fleire direktesendingar gjennom vår nettside. Til dømes vil handballkampar og andre større arrangement vere aktuelle.