Jarl Martin Møller sluttar i Herøy kommune

- Blir kommunalsjef i nye Volda

Jarl Martin Møller er tilsett som kommunalsjef for samfunnsutvikling i nye Volda kommune. Han tek til i stillinga seinast 1. januar 2019.
New Articles

Dette går fram på nyevolda.no. Møller jobbar i dag som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Herøy kommune.

Jarl Martin har fagbakgrunn frå kommunalplanlegging og GIS. Han starta si yrkeskarriere som ingeniør i Sande kommune, og var ingeniør i Herøy kommune ei kort stund før han fekk si første leiarstilling i 2009.

Jarl Martin har lang leiarerfaring, også frå omorganisering og omstillingsprosessar.