På Moltustranda, og heilt sikkert i dei i dei andre bygdene og krinsane i kommunen, er det mykje meir vi vil vise fram. Spiren som sogelaget planta, ser ut til å gro godt. Grendalaget Moltustrandingen er i alle fall klar til neste vandring, og denne gongen på eiga hand.

Vandringa er planlagt til søndag 16. september, og denne gongen set vi fokus på gamle murar og tufter rundt om i den langstrakte bygda vår. Styret i grendalaget har hatt fleire turar for å leite opp desse merka etter folk som har budd og levd her tidlegare.

Her er mange – både murar, tufter, bruer og andre minne – rundt om i utmark og innmark. Kvart av desse har si historie å fortelje, og no vil vi prøve å få desse minna fram i lyset igjen. Ja, bokstaveleg tala; eit par av murane var så vanskelege å finne at det var nesten berre flaks at vi fann dei att. Dei var heilt gjengrodde av einer og buskar. Det er planar om å rydde rundt desse murane slik at folk kan finne dei.

Tanken er å dele opp dette arrangementet i to. Søndag 16. september møtest vi på skulen på Moltu. Der vert det vist bilde av fleire murar og andre fortidsminne vi har plukka ut. I tillegg blir det servert kaffi og litt å bite i. Om det er interesse for det, blir det arrangert ei vandring til desse murane. Tid vert bestemt når vi møtast på skulen 16. september. Om det er nokon som har ei historie å fortelle, set vi stor pris på det.

Håper mange tek turen til Moltu denne søndagen.

Grendalaget Moltustrandingen