Det var ei stor mengde Bergsøy-fans som møtte opp i Herøyhallen for å vitne heimelaget møte Bækkelaget Elite onsdag kveld. Det var faktisk knapt sitteplassar att på tribunane, då dommaren blåste i gang kampen og eit høglydt publikum starta å heie.

Sterk fyrsteomgang

Fansen fekk verkeleg valuta for pengane i fyrste omgang då Bergsøy opna med å ta leiinga dei fyrste minutta. Ikkje overraskande låg eliteseriemotstandaren hakk i hel, og tok snart føringa i kampen. Men det kan ha sett ut som at bortelaget tok litt lett på motstanden i fyrste omgang, for Bergsøy heldt tritt heile fyrste omgang. Bergsøy-keeper Oddvar Johan Roseth, som seinare vart kåra til dagens spelar for Bergsøy, viste fenomenalt keeperarbeid bak ei solid forsvarsrekke av Bergsøy-spelarar.

– Vi er disiplinerte i spelet i fyrste omgang og gjer det vi har avtalt. Vi brukar god tid og tørr å ha trua. Samtidig står vi sterkt i forsvar, seier ein nøgd Bergsøy-trenar, Thomas Buchardt.

Stillinga stod 12–15 til pause.

Bækkelaget gjekk ifrå

Som ein kanskje hadde forventa vart det tøffare i andre omgang for heimelaget. Bækkelaget starta då å vise kvifor dei er i eliteserien. Dei skrudde opp tempoet i angrepa sine og Bergsøy sleit med å halde tilbake for ein sterk motstandar. Det blei ikkje like mange mål til Bergsøy, og Bekkelaget klivra ifrå. Kampen enda 21–35.

– Fornøgd meg gutane

Buchardt tek ikkje tapet særleg tungt og er stolt over prestasjonen handballherrane leverer i kampen.

– Eg må seie meg fornøgd med gutane i dag. Vi klarte ikkje stå imot i andre omgang. Det er forskjell på 2.-divisjon og eliteserien. Men eg håpar vi har vist publikum at vi er her for å spele god handball, sa han etter kampen. Han takka samstundes for godt oppmøte frå publikum.

– Bergsøy kjem best ut av det

Trenar for Bækkelaget Tom-Eirik Skarpsno, var også raus med rosen for heimelaget.

– Eg vil seie at Bergsøy kjem best ut av denne kampen trass at vi vinn. Dei kjempar og slost, og eg synast vi opptrer litt arrogant i fyrste omgang. Det er klart vi skjerpar oss i andre omgang, men det skule berre mangle. Vi skal vere sterkast her, sa Skarpsno til Vestlandsnytt.

Utmerking til Stig Vestnes

I starten av kampen vart ein eldsjel i Bergsøy-handballen heidra. Stig Vestnes vart då utnemnt til «Årets begeistrar» av Region Nord.

– Det er veldig kjekt å få denne utmerkinga. Det er ingen tvil i at det kjekt å bli sett pris på, fortel Vestnes.

Det ligg mykje arbeid bak ei slik utmerking, og det skal det seiast at Vestnes har lagt ned for Bergsøy-handballen. Han har faktisk engasjert seg så langt tilbake som då hallen opna. Han har både vore spelar og trenar. Han byrja faktisk som trenar tilbake i 1986. I dei siste åra har han også vore trenar for Bergsøy United.

– Det gir so mykje tilbake. Å halde på med Bergsøy United byr til dømes på so mykje glede. Det gir meg driv til å halde på, seier han.

Seriestart på heimebane

No er heimelaget klare for seriestart mot Stord på heimebane komande laurdag. Dette er dei klare for forsikrar Buchardt.