- Det skal løne seg for kommunane å legge til rette for laksenæringa. No får dei velfortent løn for det, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp).

Rundt 160 kommunar og ti fylkeskommunar kan dele over 2,7 milliardar kroner. Oversikta over kor mykje av dei får, vart utsend måndag.

Herøy får litt over 4,5 millionar kroner. Sande får førbels ikkje ei krone, men det er som kjent planar om ei større etablering i regi av Marine Harvest i Sande neste år.

Vanylven tener godt på å vere ein stor oppdrettskommune, og får nærare 8 millionar på konto.

Dette får sunnmørskommunane:

Vanylven 7,9 mill. kr.

Herøy 4,5 mill. kr.

Ulstein 1,7 mill. kr.

Volda 9,0 mill. kr.

Ørsta 8,7 mill. kr.

Norddal 2,2 mill. kr.

Stranda 7,3 mill. kr.

Stordal 1,7 mill. kr.

Skodje 1,1 mill. kr.

Giske 6,2 mill. kr.

Haram 7,9 mill. kr

Pengar fra laksesal

Pengane kjem etter regjeringa sitt salg av nye laksetillatelsar. Rundt 50 selskap kjøpte slike tillatelsar for om lag 3,9 milliardar kroner. 80 prosent av desse pengane går til laksekommunar og -fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet.

- Denne utbetalingen er med på å synleggjere at oppdrettsnæringa gir noko tilbake til lokalsamfunna. Dette er pengar kommunane kan bruke på å utvikle tilbodet til innbyggarane sine innen kultur, helse, skole, idrett, infrastruktur eller andre område, seier Nesvik.

Havbruksfondet vart oppretta i 2016. Målet med fondet er å stimulere kommunane til å legge til rette for havbruksnæringa.