Etter å ha køyrd utfor vegen og over eit fortau, fekk køyreturen ein brå slutt i møte med ein husvegg i Fosnavåg ein tidleg laurdag morgon i mai.

Kunne gått verre

Sjølv om det på denne tida av døgnet er lite folk ute, ser Søre Sunnmøre tingrett det som tilfeldig at uhellet ikkje fekk meir alvorlege konsekvensar.

Vel tre timar seinare viste blåseprøve ein alkoholkonsentrasjon på 0,5 milligram per liter luft.

I tillegg til fengsel, med to års prøvetid, må mannen betale 25.000 kroner til statskassa