Westing har drive agentur for kjemi i ei lang årrekkje, og tek no steget vidare med å etablere eit eiget brand for kjemikaliar.

Sist veke blei samarbeidsavtalen mellom Westing og Tristar International signert i Nederland, og Tristar går inn som medaksjonær i det nyetablerte selskapet Zewo Tristar. Produksjonen vil gå føre seg i Nederland, medan Westing vil ivareta management, sal og distribusjon frå Westinghuset i Fosnavåg.

Til stades i Roosendaal i Nederland var dagleg leiar i Westing, John Knutsen, samt representantar frå konsernselskapet Kaston, dagleg leiar Sigurd Teige og CFO Terje Mork.

John Knutsen seier i fylgje ei pressemelding at dette er ein naturlig del av Westing sitt totaltkonsept og vil vere med på å komplettere Westing sitt eksisterande vareutvalg:

– For Westing har det vore viktig å få til eit samarbeid direkte med produsent som gjer oss i stand til å levere gode og konkurransedyktige produkt til våre kundar. No kan vi tilby eit komplett sortiment innan kjemikaliar som er i medhald til til gjeldande krav og spesfikasjonar fra brukarane. Vi kjem også til å tilsette personell med spesialkompetanse særleg innanfor næringsmiddelindustri, og kan hende også vurdere produksjon i Norge for å styrke konkurransekrafta vår ytterlegare, seier Knutsen, i samband med nysatsinga.