- Folk må melde seg på

No går aktivitetshelga i Fosnavåg av stabelen. Førebels er ingenting fullbooka og vêrmeldingane er gode.

Dagleg leiar Marvin Kopperstad ved Explore Fosnavaag.  Foto: Josefine Spiro

New Articles

Omtrent alle tenkelege aktørar som tilbyd aktivitetar i Herøy er med på den enorme satsinga denne helga.

- For oss er det heilt avgjerande at folk blir med på dei ulike aktivitetane.

Det seier dagleg leiar Marvin Kopperstad i Explore Fosnavaag. Han har rigga seg til i eit telt på parkeringslokket ved Fosnavåg Brygge, vis-à-vis eit par matboder. I løpet av dagen vil der dessutan «poppe opp» eit hoppeslott, og i morgon kjem matvogna til Gode greier.


Explore Fosnavaag og lokalt næringsliv går saman om kjempesatsing 7.–9. september:

20 ulike aktivitetar på ei einaste helg!

Guida fjellturar, utetrening, byløp, båtturar, dykking, kajakk, rib, bumperball, rebus, quiz med meir. Og alt skjer på ei helg i og rundt Fosnavåg.

 

Marvin kjem til å stå på stand heile dagen.

- Folk må gjerne kome innom eller ringje meg dersom dei har spørsmål eller har lyst til å booke aktivitetar. Vi ser helst at ein melder seg på i førekant. Ein kan ta sjansen på berre å møte opp på også, men då er ein ikkje garantert plass. I tillegg vert det litt styr med registrering og betaling, seier han.

Dei har fått inn bookingar på alle aktivitetane, men det er berre byløpet som har fått mange.

- Folk må gjerne melde seg på byløpet, som har uavgrensa med plassar, men ikkje berre det. Der er ledige plassar på alle aktivitetane, seier Marvin.

Gode vêrmeldingar

Alt ligg til rette for at dei som melder seg på aktivitetane skal få gode opplevingar, for…

- Det ser ut til at vêret spelar på lag!

Ifølgje vêrmeldingane skal det bli opp mot 19-20 grader både fredag og laurdag.