Selde 230 kilo kjøt på opningsdagen

- Det kom mykje meir folk enn eg hadde venta. Berre laurdag selde vi 230 kg kjøt!
New Articles

Det seier dagleg leiar Marcelina Mrozowicz ved den nye restauranten «My Marcelin best chicken» i Fosnavåg sentrum.

- Eg veit ikkje kor mange gjestar som kom totalt, men der var veldig mange. Eg vil unnskylde overfor gjestane for at vi måtte stenge tidleg laurdag, men eg hadde ikkje venta ei sopass stor opning, seier Marcelina.

Restauranten heldt også stengt måndag, fordi dei var heilt tom for kylling, som er hovudingrediensen i den fleste rettane på menyen. Dei opnar igjen i dag, tysdag.

- Vil bli betre for kvar dag som går, seier Marcelina.


Opnar kylling-restaurant i sentrum

Laurdag opnar Marcelina Mrozowicz (31) restauranten «My Marcelin best chicken» i Fosnavåg. På menyen finn du mellom anna heimelaga «fastfood».