- Vi er sjølvsagt glade for at saka fekk dette resultatet. Det inneber at vi kan flytte tilbake til Haugsholmen etter mellomspelet eit år på Austlandet, seier Liv Myskja til Vestlandsnytt.

Før sommarferien fekk Myskja overraskande avslag frå fylkeskommunen på søknaden om skuleskyss for guten i familien som går grunnskule på Kvamsøya.

Fylkeskommunen synte mellom anna til at dei i enkelte tilfelle kan gje avslag viss skysskostnadene er store. Saksbehandlaren skreiv faktisk også at eit alternativ for familien kan vere å flytte til eigedomen dei har på Hakallestranda i Vanylven, eit argument som verkeleg fekk mange til å lyfte på augebrynene.

- Eg vil ikkje kommentere alle sidene av saka, men slår fast at vi har vunne fram på alle punkt. Fylkesmannen grunngir også sitt vedtak på ein måte som også avdekkjer kritikk til saksbehandlinga som er gjort av fylkeskommunen, seier Liv Myskja.

Saka har engasjert mange. Mellom dei som har jobba på Myskja si side, er Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund frå Uavhengig valliste for Sunnmøre. Også Sande kommune ved ordførar Dag Vaagen har vore i kontakt med fylkeskommunen om saka.

Ordføraren synte mellom anna til at Sande kommune har fylkeskommunalt velsigna planar som omfattar både arealutnytting og næringsdrift på Haugsholmen, der det har budd folk i hundrevis av år.

Dermed løyste saka seg slik at grunnskuleeleven kan starte på Kvamsøy skule frå skulestart, slik ynskjet var, og Liv kan halde fram jobben i Sande kommune slik planen var. Ho tek også på ny plass i Sande kommunestyre etter eit års permisjon derifrå.