- Akkurat like etter ein slik kamp kjennest det sjølvsagt tungt og skuffande. Men vi har allereie no blinka oss ut dei komande tre kampane. Der skal vi ta fleire poeng.

Det seier spelande trenar Anders Vaagen etter torsdagens 1-4-tap borte mot Rollon. Ålesunderane leia 2-0 før det hadde gått eit kvarter, og i resten av første omgang var det eit kanskje litt desillusjonert Larsnes/Gursken-lag ute på matta.

Det kunne raskt ha blitt eit heilt anna kampbilde. Robert Auflem Vik smelte nemleg ballen i tverrliggaren på stillinga 0-0, før Rollon altså tok over og utnytta til dels kollektiv svikt hos sandssokningane.

- Det er ikkje tvil om at vi var langt friskare etter pause. Etterkvart måtte vi berre ta større sjansar i jakta på scoringar, og dermed kontra dei inn to nye mål, oppsummerer Vaagen.

Heilt på tampen sette Torgeir Skeide inn LGFK sitt trøystemål. Dermed 1-4.

I pausen vart keeper Ståle Pettersen erstatta av Olav Rekdal. Pettersen kjenner litt på ein lyskestrekk, og rokeringa skjedde mest av taktiske årsaker. Når Rekdal no reiser vekk på vidare studiar er det viktig å ha Pettersen "fit for fight" i det som vert ein tøff haustsesong.

Siktar mot tre sigrar på rad

Innleiingsvis er det nemnt ein "trippel".

- Vi møter her tre av tabellnaboane. Det er Godøy, Hareid og Sykkylven. Her skal vi kome sterkt tilbake, lovar Vaagen.

Kampen mot Godøy går på Larsnes stadion torsdag 23. august. Deretter er det bortekamp mot Hareid og heimekamp mot Sykkylven. Med ni poeng her vil laget frå søre Gurskøya vere rimeleg bra rusta i kampen for å unngå nedrykk. Men ingenting kjem av seg sjølv.

- Kven var Larsnes/Gursken sin beste, Anders?

- Nei, det brukar eg å unngå fokus på. I alle fall når det går slik som det gjorde i kveld. Då var det eit kollektivt ansvar at vi tapte, lyder svaret.