Dette er ein del av restruktureringsprosessen som selskapet starta i fjor, då sju skip i flåten til selskapet vart lagt ut for sal. Havila Fortress er såleis det siste av dei sju skipa som blei selt.

– I forbindelse med salet forventast långivarane og Havila Holding AS å utøve tildelte tegningsretter ved konvertering av gjeld til aksjar i samsvar med inngåtte avtaler vedtatt i generalforsamling 4. januar 2017. Det reknast med at talet på aksjar i selskapet vil auke med ca. 1.674.000 til ca. 23.778.000 aksjar. Salet vil ha liten resultatmessig og likviditetsmessig effekt, heiter det i pressemeldinga.