- Bøndene i Møre og Romsdal kan bidra i tørkekrisa, seier fylkesleiarane Oddvar Mikkelsen i Bondelaget og Stein Brubæk i Bonde- og Småbrukarlaget. Dei oppmodar om å gjødsle på for å ta ein tredje slått på alt eigna areal og å hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra.

Sist veke kom det nye tal på forventa utbetaling av avlingsskadeerstatning etter tørken. Anslaget er på 1,1 mrd kroner. Dette er i fylgje ei pressemelding verdien av det avlingstapet som går utover bondens eigenandel på 30 prosent. Det totale avlingstapet er difor langt større enn 1,1 mrd, minst 2,5-3 mrd og i verste fall opp mot 5 mrd kroner etter dei anslaga som er gjort.

Sjølv om Møre og Romsdal ikkje er hardast råka er det likevel store lokale variasjonar og for ein del bønder her i fylket er også krisa eit faktum.

- Haust alt som kan haustast

- Det viktigaste bidraget vi kan gjere her i fylket er å hauste alt haustbart areal, både gjennom å gjødsle på for å ta ein tredje slått på alt eigna areal og ved å hauste areal som ikkje har vore i drift dei siste åra. Alle som kan ha grovfôr til salgs oppmodar vi om å legge det ut hos landbruksrådgivinga eller selge direkte i nærområdet for å halde fraktkostnadene på eit minimum, seier Mikkelsen og Brubæk.

Det er utarbeida lister med kontaktinformasjon til kornbønder i Trøndelag for å kunne gjere direkte avtalar om kjøp av halm. Desse listene er sendt ut til bønder i Møre og Romsdal.

- Vi åtvarar mot å kjøpe importert fôr som ikkje har gått igjennom godkjent importør og er kontrollert av Mattilsynet. Det er betydeleg risiko for å få inn uønska planteartar og dyresjukdommar gjennom importert fôr. Alle som skal importere fôr er pliktige til å registrere seg som importør og halde seg til Mattilsynet sitt regelverk for import og kontroll, seier Oddvar Mikkelsen, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag og Stein Brubæk, fylkesleiar i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag.

Landbrukets organisasjonar arbeider tett med myndigheitene for å finne dei beste måtene å hjelpe landbruket på både praktisk og økonomisk. Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget opplever aukande politisk forståing for at dette no er ein ekstraordinær situasjon som krev særlege tiltak.