Laurdag 11. august står seks skodespelarar bak sceneteppet på Gamlebanken scene, klare for å underhalde «Sommarshow på Larsnes»-publikummet på best mogleg måte.

Den irriterande, tullingen, den nye, den rappkjefta, sjefen og konfirmanten – som dei beskriv seg sjølv – har no samla seg på Larsnes for å øve inn årets sketsjar.

– Det heile handlar om å ha det gøy, seier den eine etter den andre, og fortel at målet for i år er at showet skal verte enda betre enn i fjor.

Kjekt å gje eit slikt tilbod

Gjengen har drive med stand up, revyar og teater i 5 år, og gjer også dette på fritida den dag i dag. Nokre av skodespelarane møtte kvarandre på folkehøgskule, og fann ut at dei ville finne på noko gøy. Slik vart Sommarshow på Larsnes til, og no er dei klare for å stå på scena for fjerde året på rad.

– Det er kjekt å gje eit tilbod og eit show, år etter år. Eg har høyrd at det fjerde året skal vere det beste. Alle gode ting er fire, seier Oskar Fjørtoft Sandanger – «sjefen» i gjengen.

– Etter kvart som vi har blitt kjende med Larsnes-publikummet, ser kva dei likar og kva sketsjar dei snakkar om i ettertid, klarer vi å tilpasse showet til publikummet meir, seier Herman Brune Leikanger. Han vert kalla «konfirmanten», sidan han er yngstemann i flokken.

Anne Bolstad Skålid er det nyaste tilskotet i gjengen, og vert kalla «den nye». Dei fortel at ho får gjennomgå litt av kvart undervegs i prosessen sida ho er einaste jenta som er med, men at ho tek utfordringane på strak arm. I år har dei også med seg Leiv Thomas Faulkner, den største «tullingen» av skodespelarane.

– Han er den som driv minst med stand up og humor av oss, så han har kanskje det største utsleppet i Sommarshowet, legg Sandanger til.

Gode, gamle John Arne Riise

Førebuingane til årets show starta for lenge sidan, men det er ikkje før den siste månaden og veka at intensivperioda har slått inn for fullt.

– Vi puslar litt kvar for oss, og når vi samlast her igjen, legg vi puslespelet saman, fortel Leikanger.

Gjengen fortel at dei har ein heil bonanza med karakterar på lur, og då sjølvsagt nokre gjengongarar.

– Det som er kjekt er når publikummet får seg favorittar som dei snakkar om i ettertid. Ein av dei er «Fyllik Baba» som vert spelt av John Gunnar, seier Sandanger lattermildt.

– Og så har vi gode, gamle John Arne Riise som vi har blitt så glad i. Kven veit, kanskje han vert å sjå fem-seks gongar på scena i år? Det er verdas dårlegaste parodi, men også verdas beste, fortel John Gunnar Edvinsen – «den irriterande» av dei seks.

Sandanger nemner at dei har invitert den tidlegare fotballspelaren til Sommarshowet, men at det ikkje er krise om han ikkje kan kome.

Er det nokon eller noko som er spesielt utsett for grilling i årets show?

– Tja, skulestrukturen i Sande kan bli tatt opp. Elles prøvar vi å finne humor som passar for alle, seier Sandanger.

–  Det vert kanskje ikkje grilling, men vi leikar litt med maten kan du seie, fortel Jesper Breen Frilseth – «den rappkjefta», eller «boka» som han kallar seg sjølv fordi han har så mange sider.

Feriekoloni

Sommarshow-skodespelarane har innkvartert seg med Sandanger den siste veka før premiera.

–  Vi bor med Oskar som ein slags feriekoloni, der alle søv på eitt rom, seier Edvinsen.

–  Så stiller også familien til Oskar og Herman opp med mat. I tillegg har det hyggelege lokalmiljøet også vore til stor hjelp, legg Frilseth til.

Elles brukar gjengen dei resterande dagane på å spikre fast dei siste detaljane før premiera 11. august på Gamlebanken scene. Det er sett opp fire show i år, to på laurdagen og to på søndagen.

–  Vi har ikkje rukke å blitt nervøse heilt enda, men eg reknar med nervane kjem dei ti siste minutta før vi skal opp på scena, fortel ein spent gjeng.