Tips oss: Send inn bilete frå Norway Cup til redaksjon@vestlandsnytt.no.

Bergsøy:

G13:

Innleiande gruppespel:Søndag: Bergsøy IL Fotball 8-0 Høybråten og Stovner IL 2Måndag: Bergsøy IL Fotball 7-2 Klemetsrud ILTysdag: Bergsøy IL Fotball 1-4 Gaza Kids

Leiar Sveinar Frøysa sitt 9-arlag møtte Høybråten og Stovner IL i fyrste kamp søndag, og seier seg nøgde med ein sterk 8-0-siger. Måndag fortsatte G13-laget i samme retning då dei møtte Klemetsrud IL, og resultatet vart 7-2. Tysdag ettermiddag vart siste kampen i innleiande gruppespel spelt mot Gaza Kids, og kampen enda 1-4 til Bergsøy-gutane. Dei endar likevel opp på førsteplass i si pulje, og vinn på målforskjel (Bergsøy IL Fotball 10-1 Gaza Kids). No er dei klare for A-sluttspel, og fyrste kamp går onsdag ettermiddag mot Øyestad IF.

A-sluttspel:Onsdag: Bergsøy IL Fotball 0-5 Øyestad IF Fotball

Onsdag ettermiddag var det klart for 1/32-delsfinale for G13, og dei spelte mot Øyestad IF Fotball. Diverre gjekk det ikkje vegen for gutane, som må sjå seg slått ut av Øyestad etter 0-5-tap.

G14:

Innleiande gruppespel:Søndag: Bergsøy IL Fotball 3-0 Dahle/Nordvestlandet IL 2Måndag: Bergsøy IL Fotball 4-1 Sokndal Idrettsklubb FotballTysdag: Bergsøy IL Fotball 2-3 Høyang IL

Toni Sandanger er leiar for 7-arlaget som spelar i gruppe 11. Søndag møtte laget Dahle/Nordvestlandet 2, og vann 3-0. Måndag ettermiddag møtte gutane laget til Sokndal, og slo dei fortent 4-1. Tysdag morgon møtte laget Høyang IL. Det var ein jamn kamp, men gutane tapte diverre 2-3. Bergsøy G14 plasserte seg på andreplass i gruppe 11, og kom seg til A-sluttspelet.

A-sluttspelet:Onsdag: Bergsøy IL Fotball 4-3 Breimsbygda ILOnsdag: Bergsøy IL Fotball 1-1 Alquds Hial Club (2-1 etter ekstraomgongar)Torsdag: Bergsøy IL Fotball 0-1 Giske IL

Onsdag ettermiddag var det G14 sin tur til å spele 1/16-delsfinale mot Breimsbygda IL i A-sluttspelet. Gutane skåra flest mål, og vann kampen 4-3. Onsdag kveld spelte dei 1/8-delsfinale mot Alquds Hial Club. Etter ordinær speletid stod stillinga uavgjort 1-1 mellom laga, og dei måtte til med ekstraomgongar. I fyrste ekstraomgong vart ingen mål på nokon av laga, men i andre ekstraomgong banka Bergsøy inn vinnarmålet. Resultatet etter ordinær speletid og ekstraomgongar vart 2-1 til G14. Torsdag morgon var det klart for kvartfinale mot laget til Giske. Gutane kjempa med alt dei hadde av krefter, men Giske vart for sterke. Resultatet stod 0-1 til Bergsøy etter endt speletid, og gjekk ikkje vidare til neste runde i A-sluttspelet.

G15:

Innleiande gruppespel:Søndag: Bergsøy IL Fotball 7-0 Bremnes ILMåndag: Bergsøy IL Fotball 2-2 Skrim ILTysdag: Bergsøy IL Fotball 2-3 HSV Fotball 1Tysdag: Bergsøy IL Fotball 1-0 Mjølner FK

Leiar Anders Helsem Hoff sitt 11-arlag jobba godt for 7-0-sigeren mot Bremnes IL søndag ettermiddag. Måndag kveld møtte gutane Skrim IL, og spelte ein bra kamp som enda uavgjort 2-2. Tysdag føremiddag møtte laget HSV Fotball 1, og diverre vart det 2-3-tap for gutane. Tysdag ettermiddag møtte dei Mjølner FK i ein jamn kamp, og vann fortent 1-0. Gutane enda opp på andreplass i si gruppe, og var klare for A-sluttspelet.

A-sluttspel:Onsdag: Bergsøy IL Fotball 2-0 Alvdal ILOnsdag: Bergsøy IL Fotball 2-0 Kvernbit ILTorsdag: Bergsøy IL Fotball 0-0 Moss FK (7-8 etter straffekonk.)

Onsdag føremiddag starta A-sluttspelet for G15 sin del, og fyrste kampen var mot Alvdal IL. Gutane stod på gjennom heile kampen, og vann 2-0. Onsdag kveld var spelte G15 1/16-delsfinale mot Kvernbit IL. Bergsøy-laget gjekk til pause 1-0, og etter endt 2. omgong kunne laget sleppe jubelen laus for 2-0-siger. 1/8-delsfinalen tok plass torsdag ettermiddag mot Moss FK. Etter ordinær speletid stod stillinga 0-0 mellom laga og dei måtte til med ekstraomgongar, 2x5 min og golden goal. Ingen mål vart skåra i ekstraomgongane heller, og så dei gjekk vidare til straffekonkurranse. Bergsøy skåra så mykje som sju mål i straffekonkurransen, men Moss fekk inn eit åttande medan Bergsøy diverre bomma på siste målet. Ein flott innsats av G15 i Norway Cup, som kjempa seg heilt til 1/8-delsfinalen.

G15/16:

Innleiande gruppespel:Søndag: Bergsøy IL Fotball 0-10 Wissam AcademyMåndag: Bergsøy IL Fotball 0-1 Abildsø ILTysdag: Bergsøy IL Fotball 1-4 Tornado Måløy FK

7-arlaget, her også med Anders Helsem Hoff som leiar, møtte libanesiske Wissam Academy søndag. Diverre vart det eit 10-0-tap for Bergsøy-gutane. Det gjekk heller ikkje vegen for laget i kampen mot Abildsø måndag, og resultatet vart 0-1 for Bergsøy. Tysdag ettermiddag spelte gutane mot Tornado Måløy, og uheldigvis vart det ikkje siger denne kampen heller. Resultatet vart 1-4 til Bergsøy-laget. Onsdag byrja kampane i B-sluttspelet, og fyrste motstandarlag var Ellingsøy.

B-sluttspel:Onsdag: Bergsøy IL Fotball 5-1 Ellingsøy ILOnsdag: Bergsøy IL Fotball 3-1 Stordal ILTorsdag: Bergsøy IL Fotball 0-0 Tingvoll IL (1-0 etter ekstraomgongar)Torsdag: Bergsøy IL Fotball 2-4 Tornado Måløy

Onsdag føremiddag bryna gutane seg på laget til Ellingsøy IL i 1/16-delsfinalen. Dei kjempa godt, og vann fortent 5-1. 1/8-delsfinalen mot Stordal IL tok plass onsdag kveld, og gutane var klare for å knive om ein plass lenger opp på pallen. Etter endt speletid var resultatet 3-1 i Bergsøy sin favør, og dermed kunne G15/16 juble for kvartfinale. Torsdag spelte dei mot Tingvoll IL i kvartfinalen. Etter ordinær tid stod stillinga 0-0, og dei måtte til med ekstraomgongar 2x5 min. Bergsøy-spelarane trakk det lengste strået, og banka inn 1-0-målet. Torsdag kveld var det klart for semifinale mot Tornado Måløy FK. Etter fyrste omgong stod stillinga 1-2 til Bergsøy. I 2. omgong samla gutane sine siste krefter, og utlikna 2-2. Kort tid etter fekk Måløy inn sitt tredje mål, og rett før kampslutt sikra dei sitt fjerde. Bergsøy-gutane har gjort ein imponerande innsats i Norway Cup, men måtte til slutt sjå seg slått av Tornado Måløy etter eit surt tap i semifinalen i B-sluttspelet.

G19 (junior):

Innleiande gruppespel:Søndag: Bergsøy IL Fotball 4-0 Kongsberg IF KIF G19 HvittMåndag: Bergsøy IL Fotball 1-1 Egernförde UFTysdag: Bergsøy IL Fotball 1-0 Klebe SK

Leiar Børge Gjelseth sine juniorar møtte Kongsberg søndag ettermiddag, og avslutta kampen med 4-0-siger. Måndag møtte gutane tyske Egernförde UF. Ein jamn og god kamp, og resultatet vart uavgjort 1-1. Tysdag ettermiddag møtte juniorane Klebe SK, banka inn eitt mål og vann 1-0. Juniorane har like mange poeng som Egernförde etter innleiande gruppespel, men på grunn av målforskjell (Bergsøy IL Fotball 5-10 Egernförde UF) plasserar Bergsøy seg på ein andreplass i gruppe 5. No er dei klare for A-sluttspel på torsdag, med fyrste kamp mot Lizzy Football Club.

A-sluttspel:Torsdag: Bergsøy IL Fotball 0-6 Lizzy Football Club

Torsdag kl. 10.15 var det klart for fyrste kamp i A-sluttspelet for G19. Det vart ein hardt kamp 1/16-delsfinalen mot Lizzy Football Club, og Bergsøy må sjå seg slått ut av Norway Cup etter eit sårt 0-6-tap.

J14:

Innleiande gruppespel:Måndag: Bergsøy IL Fotball 4-3 Åmdal-Tokke FKMåndag: Bergsøy IL Fotball 1-1 Syril ILTysdag: Bergsøy IL Fotball 1-2 Farsund IL

Bergsøy sitt einaste jentelag i år spelte sin fyrste kamp måndag ettermiddag mot jentelaget til Åmdal-Tokke: Det vart ein jamn kamp, og Bergsøy-jentene jobba hardt for 4-3-sigeren. Laget også ein spanande kamp måndag kveld mot Syril IL, og resultatet vart uavgjort 1-1. Tysdag ettermiddag spelte jentene mot Farsund IL, og kampen enda opp i 1-2-tap for Bergsøy-laget.

B-sluttspel:Onsdag: Bergsøy IL Fotball 5-0 Nesna IL FotballOnsdag: Bergsøy IL Fotball 1-0 Lyn Fotball 2Torsdag: Bergsøy IL Fotball 1-1 Nordre Land IL (Bergsøy vann 6-5 i straffekonk.)Torsdag: Bergsøy IL Fotball 0-2 Uskedal IL

Onsdag morgon spelte jentene mot Nesna IL i 1/16-delsfinalen i B-sluttspelet. Det gjekk vegen for J14, som knuste Nesna 5-0. 1/8-delsfinalen gjekk av stabelen onsdag ettermiddag, og laget spelte mot Lyn. Bergsøy-jentene stod for kampens einaste skåring, og gjekk vidare til kvartfinale i B-sluttspelet. Tordag kl. 12 starta kvartfinalen mot Nordre Land IL. Begge lag skåra eitt mål kvar før pause, og etter ordinær speletid var stillinga det same. Laga måtte då til med 2x5 min med ektraomgongar. Ingen mål vart skåra der heller, og kven som skulle gå vidare til semifinala i B-sluttspelet skulle avgjerast med straffespark. Etter fleire runder i straffesparkkonkurransa, stod stillinga 5-5. Nordre Land bommar på neste straffespark, medan Bergsøy sin matchvinnar skåra det sjette og avgjerandre målet. Torsdag kveld var jentene klare for semifinale i B-sluttspelet mot Uskedal IL. Til pause stod stillinga 0-1 i Uskedal sin favør. Jentene hadde håp om å utlikne, men i 2. omgong fekk diverre Uskedal inn sitt andre mål for kampen og slo Bergsøy J14 ut av Norway Cup i semifinalen i B-sluttspelet.

Tjørvåg/Moltu/Gurskøy og Tjørvåg/Moltu:

G14:

Innleiande gruppespel:Søndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 1-3 UskedalSøndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 0-7 Magnet Youth Sports OrdMåndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 3-1 Bokn ILTysdag: Tjørvåg L, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 0-2 Nanset IF

Tjørvåg sitt 7-arlag, i samarbeid med Moltu og Gurskøy, møtte søndag Uskedal. Det vart 3-1-tap, og gutane prøvde å revansjere mot Magnet Youth Sports Org i kampen som vart spelt seinare same kveld. Dei kjempa iherdig, men tapte diverre 7-0. Måndag ettermiddag gjekk det rette vegen for G14, som gjekk sigrande ut av kampen mot Bokn IL med resultatet 3-1. Tysdag kveld kjempa G14 mot Nanset IF, ein kamp som resulterte i eit 0-2-tap for gutane.

B-sluttspel:Onsdag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 3-2 Kopervik ILOnsdag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 1-5 Kjelsås IL

Onsdag kl. 12 starta G14 1/16-delsfinalen mot Koparvik IL. Det vart ein jamn kamp, men gutane frå Herøy vann fortent 3-2. På onsdag ettermiddag var det klart for 1/8-delsfinale mot Kjelsås IL. Det var "vinn eller forsvinn" for G14, som kjempa ein hard kamp. Resultatet stod etter endt tid 1-5 til Tjørvåg/Moltu/Gurskøy, og måtte sjå seg slått av Kjelsås.

G15/16:

Innleiande gruppespel:Søndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu 1-2 Tana BallklubbMåndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu 2-1 Hafslo ILMåndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu 6-1 Hamarøy IL FotballTysdag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu 1-8 Ullern IF Headhunters

Tjørvåg/Moltu sitt 7-arlag møtte søndag kveld Tana, og jobba godt gjennom heile kampen. Diverre vart det 1-2-tap for gutane. Måndag kl. 12 fekk gutane ein ny sjanse, og denne gangen gjekk dei sigrande ut av kampen mot Hafslo med resultatet 2-1. Seinare samme dag spelte gutane mot Hamarøy, og vann fortent 6-1. Tysdag føremiddag spelte gutane mot Ullern IF Headhunters, ein kamp som enda i eit surt 1-8-tap for Tjørvåg G15/16.

B-sluttspel:Onsdag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu 6-1 Oppdal ILOnsdag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu 0-1 Tingvoll IL

Onsdag føremiddag spelte gutane mot Oppdal IL fyrste kampen I B-sluttspelet. Gutane hadde full kontroll gjennom heile kampen, og laget tok ein solid siger. Sluttresultatet vart 6-1. 1/8-delsfinalen mot Tingvoll IL gjekk av stabelen onsdag kveld. Det vart berre skåra eitt mål denne kampen, og det var diverre Tingvoll sitt lag som stakk av med sigeren.

J14:

Innleiande gruppespel:Søndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 9-0 Korsgård IFMåndag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 0-3 HemsedalTysdag: Tjørgvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 5-0 Sandviken IL

Førsteleiar Irene Sporstøl sitt 7-arlag frå Tjørvåg/Moltu/Gurskøy jobba knallhardt mot Korsgård søndag morgon, og vann heile 9-0. Måndag føremiddag møtte jentene Hemsedal, og resultatet vart diverre 0-3 til Tjørvåg. Tysdag kveld møtte laget Sandviken IL, og tok sin andre siger etter å ha banka motstandarane 5-0. Jentene plasserte seg på andreplass i si gruppe, og er klar for A-sluttspel.

A-sluttspel:Onsdag: Tjørvåg IL, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 1-1 PACES Palestine (Tjørvåg vann på straffekonk)Onsdag: Tjørvåg IL; Tjørvåg/Moltu/Gurskøy 1-9 Blindheim IL

J14 byrja A-sluttspelet med fyrste kamp mot palestinske PACES Palestine onsdag ettermiddag. Det var ein triller av ein kamp som enda 1-1 etter ordinær speletid, og dermed vart det 2x5 min. ekstraomgongar med sudden death. Dermed vart det straffesparkkonkurranse. PACES Palestine skaut over på eit straffespark, og Tjørvåg sin keepen Noelle redda på ei sraffe. Dermed kunne jentene juble høgt for å ha gått vidare til 1/8-delsfinale mot Blindheim. Onsdag kveld møtte J14 Blindheim, og var klar til å knive om ein plass i kvartfinalen. Men det gjekk ikkje den rette vegen for jentene, som etter endt speletid måtte sjå seg slått etter eit sårt 1-9-tap.

Kvamsøy/Sandsøy, Larsnes og Larsnes/Gursken/Gjerdsvika:

J14:

Innleiande gruppespel:Søndag: Kvamsøy/Sandsøy IL 6-0 Fyresdal IL 2Måndag: Kvamsøy/Sandsøy IL 2-6 Førde ILTysdag: Kvamsøy/Sandsøy IL 3-1 Lyn Fotball 2

Kvamsøy/Sandsøy sitt jentelag, med Gunnar Ristesund som leiar, møtte Fyresdal søndag føremiddag og tok ein overbevisande 6-0-siger. Måndag føremiddag møtte dei Førde IL, men det gjekk ikkje vegen for laget, som enda opp med 2-6-tap. Siste kamp i innleiande gruppespel var mot Lyn Fotball 2. Jentene kjempa seg til ein 3-1-siger, og plasserte seg på andreplass i si gruppe og var klare for ein real kamp i A-sluttspelet.

A-sluttspel:Onsdag: Kvamsøy/Sandsøy IL 2-7 Eid IL

Onsdag ettermiddag fekk jentene bryne seg på Eid IL. Det vart eit hard kamp for laget i 16-delsfinala, og jentene måtte sjå seg slått av Eid 2-7.

G14:

Innleiande gruppespel:Søndag: Larsnes IL 7-3 Kjelsås ILMåndag: Larsnes IL 4-0 Hamarøy IL FotballTysdag: Larsnes IL 2-2 Åmdal-Tokke

Larsnes sitt 7-arlag fekk ein pangstart i Norway Cup søndag morgon med 7-3-siger over Kjelsås. Laget, leia av Aadne Sandanger, varta opp med ei rekkje flotte angrep og scoringar. Måndag ettermiddag møtte gutane Hamarøy, og vann fortent 4-0. Siste kamp innleiande gruppespel var mot Åmdal-Tokke FK tysdag føremiddag. Ein jamn kamp, og resultatet stod uavgjort 2-2 etter endt speletid. Larsnes IL G14 er puljevinnarar i gruppe 1, og vinn på målforskjell (Larsnes IL 8-3 Åmdal-Tokke). Dei vart også sikra plass i A-sluttspelet.

A-sluttspel:Onsdag: Larsnes IL 3-2 HerdOnsdag: Larsnes IL 3-0 Spelkavik IL FotballTorsdag: Larsnes IL 0-10 PACES Palestine

Onsdag ettermiddag var det klart for G14-laget sin fyrste kamp i A-sluttspelet. Dei kjempa iherdig mot Herd i 1/16-delsfinale, og vann fortent 3-2. Onsdag kveld spelte sjuarlaget 1/8-delsfinale mot Spjelkavik IL Fotball. Dei klinka til med ein kanonkamp, og vann heile 3-0. Torsdag kl. 10 spelte gutane mot PACES Palestine. Larsnes G14 vart slått ut etter 0-10 mot palestinerane i kvartfinalen i A-sluttspelet. Laget, under leiing av Aadne Sandanger og Tobben Rekdal, gjorde ein historisk sterk innsats i Norway Cup.

J15/16:

Innleiande gruppespel:Søndag: Larsnes IL 0-0 Lyn FotballMåndag: Larsnes IL 4-7 Fyresdal ILTysdag: Larsnes IL 0-2 Hamarøy IL Fotball

7-arlaget til Emilie Kvalen møtte søndag kveld jentelaget til Lyn, og spelte uavgjort 0-0. Måndag ettermiddag møtte dei jentelaget til Fyresdal, men kampen enda i 4-7-tap for Larsnes-jentene. Tysdag ettermiddag møtte jentene Hamarøy i ein tøff kamp, som diverre enda i 0-2-tap for jentene.

B-sluttspel:Onsdag: Larsnes IL 4-3 Trio ILOnsdag: Larsnes IL 1-4 Alvdal IL

Tidleg onsdag morgon stod jentene opplagde og klare til første kamp i B-sluttspelet mot Trio IL. Det vart ein målrik kamp som enda i 4-3-siger i Larsnes sin favør etter straffekonk. Onsdag kl. 12 gjekk 1/16-delsfinalen mot Alvdal IL. Det vart ein hard kamp for jentene, som hadde stått på og vunne kampen tidlegare på dagen. Diverre vart det 1-4-tap for jentene, og måtte sjå seg slått ut i 1/16-delsfinalen av Alvdal.

G15/16:

Innleiande gruppespel:Søndag: Larsnes/Gursken/Gjerdsvika 4-3 Hyllestad ILMåndag: Larsnes/Gursken/Gjerdsvika 15-1 Andøygutten ILTysdag: Larsnes/Gursken/Gjerdsvika 14-2 Strandebarm ILTysdag: Larsnes/Gursken/Gjerdsvika 3-3 Tingvoll IL

7-arlaget spelte sin fyrste kamp i Norway Cup mot Hyllestad søndag. Ein spanande og jamn kamp i 30 varmegrader. Heltane jobba godt, og drog i land ein 4-3-siger. Laget sin andre kamp vart spelt måndag ettermiddag mot Andøygutten IL, og vann overlegent med resultatet 15-1. Tysdag morgon spelte dei mot Strandebarm IL, og banka dei 14-2. På ettermiddagen spelte laget mot Tingvoll IL. Dersom dei vann eller spelte uavgjort i denne kampen, vann dei i si pulje. Dei kunne også verte puljevinnarar dersom dei tapte, men då gjekk det på målforskjell. Laget spelte ein knallkamp, og resultatet enda uavgjort 3-3, og dermed er laget puljevinnarar og sikra ein plass i A-sluttspelet.

A-sluttspel:Onsdag: Larsnes/Gursken/Gjerdsvika 3-5 Tana Ballklubb

Onsdag kveld tok 1/8-delsfinalen mot Tana Ballklubb plass. G15/16, som hittil har vore det mest målgjevande laget av alle laga frå Herøy og Sande, kjempa med nebb og klør for å sikre seg ein plass i kvartfinala. Tana vart for sterke, og sluttresultatet stod 3-5 til Larsnes/Gursken/Gjerdsvika.