Politiet:

Mistenkt for køyring i rusa tilstand

Mannen i 60-åra vart stoppa på Leinøy av UP.

Illustrasjon.  Foto: Arkivfoto

New Articles

Ein mannleg bilkøyrar i 60-åra vart stoppa kl. 10.10 på Leinøy av UP, mistenkt for køyring i rusa tilstand.

Det melder politiet sjølv på sin Twitter-konto kl. 12.23.

Blodprøve vart teken, og sak opprettast. Førarkortet vart ikkje beslaglagt, på grunn av lav promille.