Politiet:

Høg fart i Indre Herøy

Høgste registrerte hastigheit var 108 km/t.

Illustrasjon  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

New Articles

11 forenkla førelegg blei utskrivne då Politiet hadde fartskontroll på Aurvågvegen i Indre Herøy onsdag ettermiddag. Høgste registrerte hastigheit i 80-sona var 108 km/t. I tillegg til fartsbøtene blei ein bilførar bøtelagt for å ha brukt mobiltelefon under køyring.

Politiet kan òg melde om ei trafikkulukke i Fosnavåg sist helg der to bilar var innblanda.