Tek til i stillinga 1. oktober:

Andrea er ny kommunikasjonsansvarleg ved SSR

Andrea Øien Sæverud er ny kommunikasjonsansvarleg ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR).

NY KOMMUNIKASJONSANSVARLEG: Andrea Øien Sæverud tek til i stillinga 1. oktober.  Foto: Pressefoto

New Articles

Andrea Øien Sæverud (32) er tilsett som kommunikasjonsansvarleg ved Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR). Ho er utdanna journalist og har ei mastergrad i religion og samfunn. Dei siste ti åra har ho budd i Oslo og jobba som journalist i Nynorsk pressekontor, Dagen, Framtida og NRK.

Sæverud er oppvaksen på Hareid og flyttar tilbake med mann og to barn til hausten. Ho tek til i stillinga 1. oktober.

- Vi som kjem frå eit så fint område har all grunn til å vere opptekne av å kvitte oss med avfallet vårt på ein berekraftig måte. SSR gjer ein enormt viktig jobb for miljøet og menneska i kommunane Hareid, Herøy, Ulstein og Sande. Eg vil vere med på å bidra til at innbyggjarane får den informasjonen dei treng, seier Sæverud.

Ho ser fram til å formidle korleis kjeldesortering gjer det mogleg å i fellesskap ta betre vare på ressursane.

- Eg gler meg til å treffe både privatpersonar, skular, barnehagar, verksemder og organisasjonar som vil vere med på å skape ei grønare framtid. Dette blir kjekt!