Turistane på Runde:

- Eg håpar folk tek vare på denne flotte plassen

Torsdag 19. juli, ein varm og vakker sommarsdag, tok Vestlandsnytt turen til Runde for å sjå korleis det stod til med både kortreiste og langreiste turistar.
New Articles

Eg kjenner mjølkesyra bruse i leggane i det eg er ferdig med første stigninga. Vel oppe på Lundeura, møter eg på ei storfamilie som er ute på tur. Harald Runde og kona Kari er utflytta herøyværingar som har slått seg til ro i Innvik i Sogn og Fjordane. No har dei feriebustad på Eggesbønes, og er på ferie her saman med heile familien sin.