Eit tips kom inn til Vest­lands­nytt om at no­kon har gjort hær­verk på lei­ke­plas­sen på Hul­dal. Vest­lands­nytt har un­der­sø­ka om­rå­det, og snak­ka med fol­ket som bur på Hul­dal. Nokre for­tel at det ik­kje er fyrste gong det­te har skjedd. For ei stund til­ba­ke vart tram­po­li­nen som står der skjært opp og øy­de­lagd. No har den vor­te vandalisert igjen.

Eit stort, fir­kan­ta hol har blitt laga i la­ke­net, og mange av fjø­re­ne har vor­te røs­ka ut. Reiestativet har også fått seg ein knekk, der ned­ste hju­let på den eine reia berre heng og sleng.

– Føresette må snakke med borna sine

Flei­re av be­bu­a­ra­ne på Hul­dal for­tel også om støy og le­ven frå ung­do­mar som opp­held seg på lei­ke­plas­sen til langt på natt i helgene, og at det ik­kje er mog­leg å sove med ope vin­dau­ge, spe­si­elt på som­mars­tid. Ein fel­les­nem­nar er mo­pe­dar som øy­de­legg nat­te­søv­nen. No lu­rer dei på om no­kon snart skal ta tak i prob­le­met.

– Med ein gang det vert opp­da­ga ska­de­verk og støy, ber eg om at det vert ringt inn til po­li­t­iet på 02800, uav­hen­gig av tid på døg­net. Då får vi sendt ei po­li­ti­pat­rul­je til sta­den slik at dei kan snak­ke med dei det gjeld. Fø­re­set­te som veit at bor­na sine opp­held seg der, må snak­ke med dei, og for­tel­je at ein ik­kje skal dri­ve med uønskt åt­ferd med mo­pe­dar og øy­de­leg­ging av fel­les­go­de, sei­er lens­mann Tor Sæther.