Toftestøda, Fosnavåg

Nokre steinkast vekk frå Myklebust finn du Toftestøda. Ein idyllisk badeplass med eit stupetårn på tre forskjellige høgdenivå.

Før eg går bort til den korte stien som fører bort til svaberget, møter eg hunden Bella som luskar rundt eit av dei raude nausta som er der. Ho snusar på alt som luktar godt, og det som luktar litt mindre godt. Helsar på det ukjende mennesket som går forbi, og før ho søkjer ly i skuggen.

Det er varmt i lufta, og eg kjenner den sterke sola steike mot andletet.

Vatnet er blikkstille. Eg stikk handa ned i vatnet for å kjenne på temperaturen. Det er litt kaldt, men ikkje uuthaldeleg. Eg høyrer fuglane rundt svaberget skrike til kvarandre.

Ein båt rasar forbi i full gass kvart femte minutt, og bølgene båtane laga skvulpar opp mot steinane.

Tangen og tara i vatnet dansar i takt med dei små fiskane, som pilar opp, ned, fram og tilbake i vatnets eigen magiske verden.

Ingen har tatt turen til Toftestøda måndags føremiddag, men det kjem nok til å kry av solslikkande menneske seinare på ettermiddagen.

Ein badeplass for dei meir erfarne, eller for dei som likar adrenalinkicket av å sveve i lufta i nokre tiandedels sekund før magen treff vatnet i ei valdsam fart.

Rundesanden, Runde

Rundesanden ligg ein 20 minutt lang køyretur vekk frå Fosnavåg. Fire bilar står på rekke og rad langs vegkanten.

Klokka har bikka 12, og sola har vorte litt sterkare.

Eg høyrer hender og bein som slår mot vatnet, og småsnakk frå tenåringsjenter som kosar seg medan dei sirkulerer rundt og rundt i vatnet med dei rosa baderingane sine.

Nokre sit i godstolen sin og prøvar å verte kvitt kvitfargen sin, og seier at den lette vinden som akkurat strauk opp om huda var god å kjenne på akkurat no.

Langs stranda ser eg bokstavar og krusedullar som barnehender har skribla ned i sanden.

Eg møter på Therese og Kjetil Seljedal, som er på ferie saman med sine tre små gutar. Jonah (8), Even (5) og Syver (3) kjenner på vatnet. Even er plassert i ein raud, oppblåsbar gummibil, medan storebror passar på. Eg spør dei om det er kaldt. Syver nikkar sjenert.

- Vatnet her er nok litt kaldare enn i Spania, seier Kjetil lattermildt.

Familien på fem som kjem frå Sørum utanfor Oslo, har nettopp vore på ferie i Spania, og kom til Herøy i går for å feriere i ei veke.

- Pappa, er det rusk? Spør Even, og peikar på noko brunt som har slått rot under vatnet.

- Nei, det er ikkje rusk. Det er tang og tare, forklarar Kjetil.

- Eg er frå Herøy, men eg har aldri vore på Rundesanden før. No når det er fint vêr, måtte vi berre ta turen hit. Det er lett for borna å bade her også, seier Therese.

- Ja, det er ikkje slikt vêr kvar gong vi kjem hit, legg Kjetil til.

Borna fortsett å leike seg med den raude gummibilen. Foreldra står å ser på, og gliset strekk seg frå øyre til øyre.

Mulevika, Nerlandsøya

Eit kvarters køyretid i motsett retning, finn du Mulevika. Ein majestetisk badeplass av den sjeldne sorten.

Klokka har bikka 12.45, og 12 bilar har allereie stilt seg opp på parkeringsplassen.

Det er ikkje ei sky å sjå så langt auget kan nå. Vinden er litt sterkare her, men det gjorde berre godt.

Bølgene slår inn mot stranda og steinane som ligg der. Vatnet er krystallklart.

På vegen møter eg Markus Solheim (13) frå Stavanger som er på ferie med bestefar Alf Roger Djupvik (58) frå Volda.

- Ofte når det er finevêr, reiser vi ut hit. Mulevika er ei perle, seier Alf Roger.

Han fortel at dei reiste ut hit for fyrste gong ein sommar det var finevêr kvar dag, for nokre år tilbake.

- Og sidan då har vi reist hit kvart år. Plassen her er så urørt, fin og naturleg.

Markus fortel at han har brukt sommarferien på å bade. Han har vore på besøk med bestefaren sin i to veker allereie, og skal vere med han ei veke til.

- Når styggevêret kjem på onsdag, reiser vi til Amsterdam. Så denne dagen skal nytast, seier Alf Roger.

Før du kjem til Mulevika, køyrer du forbi eit skilt der det står «Velkomen til Kvalsvik, eit smykke ut mot havet». Eg seier meg einig med Dypvik om at Mulevika då må vere krona på verket.