– Eg gjorde det i grunn berre for moro skuld, seier Goksøyr.

På sin ti timar lange spasertur steig han følgjande toppar:Lundeura, Kammen, Leinehornet, Hornseten, Storevarden, Muletua, Vardeheida, Skåla, Rambjøra, Heida og til slutt Storehanen og Hidsegga.

– Den kjekkaste toppen var vel Hidsegga, sidan det var den høgaste av dei tolv. I tillegg har eg aldri vore der før.

Har du høyrd om nokon som har gjort dette før, og finst det ein rekord?– Eg har høyrd om folk som har gjort det før, men veit ikkje kva rekorden er. Der er tolv toppar som du kan besøke, og ein må ha minst ti av dei for å få godkjent. Men, eg såg ingen grunn til å ikkje ta alle når eg fyrst heldt på.Goksøyr fortel at han gjekk aleine heile tida.

Gjekk i regn og vind

Kva var det beste med turen? – Det beste med turen var vel å på fjellet i seg sjølv. Det var ikkje så mykje å sjå, sidan det regna og bles heile dagen.På spørsmålet om han i løpet av turen fekk seg ein liten "mental knekk" og ville gje opp, svara han følgjande:– Eg var aldri inne på tanken om å gje opp.Under spaserturen hadde han eit variert kosthald, med noko søtt og noko salt. – Av mat så var det vell litt nøttemiks, sjokolade og nokre dadlar. Dette i tillegg til eitt par energidrikkar, og vatn så klart.

Vil prøve seg på høgare fjell

Vil du prøve deg på ti toppar på enda kortare tid igjen?– Om eg vil prøve meg igjen, veit eg ikkje. Dette var jo berre for moro skuld, så eg får sjå kva som skjer neste år.

Har du planar om å bestige fleire toppar i sommar?

– Ja, eg har ein plan om å gå på ein del større fjell. Er det eitt fjell eg har mest lyst til å gå på, er det Lodalskåpa.Lodalskåpa er eit nunatak på Jostedalsbreen, og ligg med sine 2083 høgdemeter på grensa mellom Stryn og Luster.

Kva er Herøy 10 på topp?

«Herøy 10 på topp» kom inn i kommuneplanen for Herøy kommune i 2002-2012. Formålet var å motivere til auka aktivitet og fremje helse og trivsel.

I år er det også 24 turmål, som er merka med A og B. Turar merka med A er berekna for alle, og ein må ha minimum ti klipp for å få godkjent. Turar merka med B er berekna for born under 12 år, godt vaksne over 70 år og personar med nedsett funksjonsevne. Her må ein ha fem klipp.

Fjella for 2018 er:

1AMuletua, Kvalsvika1BMulevika  fjøretur, Kvalsvika
2AStorevarden, Nerlandsøy2BTeigetua, Nerlandsøya
3AHornseten, Bergsøya3BHeid tursti, Bergsøya
4ALeinehornet, Leinøy4BMonsterbakken, Heid tursti, Bergsøya
5ASkåla, Sandvika/Tjørvåg5BSkaret, Gurskøya
6AKammen, Remøya6BHerøy Gard, Notøya
7AHeida, Leikong7BDynamittskuret, Leikong
8ALundeura, Goksøyra8BMåganeset, Runde
9AVardeheida, Leinøy9BSvartevatnet, Leinøy
10AHidsegga, Moltu10BKvia, Moltu
11ARambjøra, Dragsund11BLysløypa,  Leikong
12AStorehanen, Moltu12BMørkevatnet, Moltu