Styret i Rem Offshore AS melder tysdag at valet fall på Fredrik Remøy i tilsettingsprosessen. Han tiltrer i stillinga frå 1. august.

Han har frå før stillinga som kommersiell direktør i same selskap. Fredrik Remøy har ei mastergrad i leiing fra University of London og ein ExecutiveMBA frå Handelshøyskolen BI.

- Han var ein av søkjarane til leiarstillinga, og styret er godt nøgde med å få Fredrik inn som ny adm. dir., seier styreleiar Åge Remøy til Vestlandsnytt.

Etter at det opphavlege Rem-reiarlaget "gjekk med" i overtakinga frå Solstad (seinare SolstadFarstad, red. mrk.), gjekk Åge Remøy som kjent igang med ei ny offshoresatsing, denne gongen frå Havila sine lokale på Mjølstaneset. Namnet var OSV Management.

Namnet vart i fjor endra til Rem Maritime, og dei kjøpte seg inn med aksjemajoritet i Vestland Offshore i Hordaland.

- Vi har i dag 60 prosent eigarskap i fire forsyningsskip, og dessutan fullt eigarskap i to subseabåtar, opplyser Åge Remøy.

Han seier selskapet i tråd med eigen filosoifi er igang med ei lagsam oppbygging. Samtlege seks båtar er per dato i full drift. Den eine subseabåten har førebels kontrakt fram til nyttår, den andre til våren 2019. Også PSV-ane har arbeid, der den eine nyleg sikra seg ein toårskontrakt.

- Vi ser rimeleg lyst på framtida, seier styreleiaren.

Rem Maritime er eigd av Åge Remøy, Torsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth.