Den spesielle saka kjem opp i Søre Sunnmøre tingrett 13. september.

Mannen er sikta for brot på fleire paragrafar i likningslova samt punkt i skattelova og straffelova.

Mellom anna § 12-2 og 12-1 i likningslova, og det heiter vidare: "For å ha gitt likningsmyndigheitene urette eller ufullstendige opplysingar når han forstod eller burde ha forstått at dette kunne føre til skatte- eller avgiftsmessige fordelar, og der dette vert å sjå på som grovt  sidan det særskilt vert lagt vekt på at handlinga kunne ha leia til unndraging av eit svært betydeleg beløp i skatt eller avgift, eller handlinga vart utført på ein måte som i særskilt grad har vanskeleggjort oppdaginga".

988.291 kroner

Konkret er tiltalet knytt opp til skattemessige forhold for åra frå og med 2011 til og med 2015. Mannen utelet å melde inn skattepliktig formue i Luxembourg, Singapore og Jersey, har påtalemakta avdekka.

For kvart av desse åra gjeld det ein samla, skjult formue på mellom 16 og 22 millionar kroner. Unndraginga av skatt representerer i fylgje påtalemakta eit beløp på 988.391 kroner. Saka skal opp i tingretten eit år etter at statsadvokaten skreiv tiltalebeslutninga.

Norsk rettspraksis tilseier at både tilleggsskatt og ubetinga/ubetinga fengsel er aktuelle straffereaksjonar i tilfelle der folk vert funne skuldige i den typen grovt skattesvik som tiltalen fortel om.