I tidsromet frå fredag ettermiddag til søndag føremiddag har det vore ein del å henge fingrane i også for politiet på Søre Sunnmøre.

Litt før klokka 14 fredag melde politiet at dei hadde teke ein bilførar i Kvivstunnelen som køyrde i 120 km/t i 80-sona. Førarkortet vart inndrege.

Seinare same ettermiddag kom det melding frå ein butikk i Ulsteinvik der ein av gjestane synte oppfarande og trugande oppførsel.

Nattebråk x 2 i Herøy

Frå politiloggen kom det litt før klokka to natt til laurdag inn melding om nattleg uro i Fosnavåg. Både i sentrum og lenger inne i byen, i Nørvågen, var det "bråk og spinning frå mopedar". Politiet tok turen til staden og møtte både køyretøy og personar som var delaktige i den nattlege støyen.

Ungdomane vart pålagde å avslutte og fekk ei opmoding om å gå heim og leggje seg.

Noko seinare på natta, nærare bestemt framunder klokka halv sju om morgonen, rykte politiet ut til ein fest på Leikong. Der hadde søvnlause naboar meldt frå om tilstanden, og politiet måtte avslutte den høglydte samkoma.

Laurdag føremiddag vart tre bilistar kontrollerte på Krøvelseidet. Ein av dei hadde lågpromille.

Natt til søndag var det ikkje så mykje å melde om, i alle fall ikkje på søre luten. Litt over midnatt var politiet innom ein fest ved eit vatn i Hovdebygda, der det var mindreårige involverte. Foreldra henta "sine" og det vart ingen reaksjon.

Søndag føremiddag var det promillekontroll i Volda. Samtlege 61 bilførarar hadde sitt på det tørre.