MMC First Process har vunne kontrakten på levering av fiskehåndteringspakken til brønnbåten «Hordagut» som er kontrahert på Fitjar Mek. Verksted (FMV).

I utviklinga av fiskepakken er det lagt stor vekt på utvikling av optimale løysingar for fiskevelferd, fisken sine miljøforhold, god hygiene og funksjonar i båten som kan frakte alt frå smolt til slaktefisk, får Vestlandsnytt opplyst i ei pressemelding.

- For oss er dette ei prestisjefylt kontrakt, og vi er svært takknemlege for å bli valde til dette oppdraget, seier rådgjevar Leif Gjelseth i MMC First Process.

MMC First Process har vunne flere store kontakter for fiskehandteringsutstyr i løpet av kort tid, og opplyser at dei no har ein betydeleg ordrereserve som strekkjer seg fram til midten av 2020.