Kjøpet vil styrke Kongsberg Gruppens konkurransekraft i ein global maritim industri. Kongsberg Gruppen og Rolls-Royce Commercial Marine har i stor grad komplementære produkt, løysingar og kompetanse, og kjøpet er i tråd med Kongsberg Gruppens ambisjon om å vakse som ein verdsleiande teknologileverandør.

Transaksjonen er strukturert som eit kjøp av Rolls-Royce si verksemd knytt til maritime produkt, system og tenester, og som vert drifta av dotterselskap av Rolls-Royce plc. Transaksjonen omfattar ikkje Bergen Engines eller Rolls-Royce's Naval Business.

Partane er samde om ein verdi av Rolls-Royce Commercial Marine på 500 millionar britiske pund (på kontant og gjeldfri basis og med arbeidskapital på eit omforeina nivå). Den endelege kjøpesummen vil vere avhengig av Rolls-Royce Commercial Marine si kontantbehaldning, gjeld og arbeidskapital på gjennomføringstidspunktet for transaksjonen.

- Maritim industri har dei siste åra opplevd krevjande marknadsforhold, og sjølv om der framleis er usikkerheit, forventar vi at marknaden står overfor vekst der teknologi og innovasjon vil vere sentrale drivarar. I over 200 år har Kongsberg Gruppen vore ein pioner for høgteknologisk industriutvikling med eit langsiktig perspektiv. Kjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine er i tråd med våre vekstambisjonar, seier Eivind Reiten, styreleiar i Kongsberg Gruppen ASA.

- Kjøpet av Rolls-Royce Commercial Marine gjer oss til ein meir heilskapleg leverandør til maritim industri. Maritim industri blir stadig meir globalisert og er inne i betydelege teknologiske og marknadsdrivne endringar. Med dette oppkjøpet vil vi styrke vår strategiske posisjon hos reiarlag, verft, og andre kundar og partnarar, seier Geir Håøy, konsernsjef i Kongsberg Gruppen.

Kongsberg Gruppen er i dag representert i meir enn 25 land, medan Rolls Royce Commercial Marine er representert i 34 land. Rolls-Royce Commercial Marine har om lag 3.600 tilsette og ei omsetning på 8,9 milliardar kroner (2017), medan Kongsberg Gruppen har om lag 7 000 tilsette og ei omsetning på 14,5 milliardar kroner (2017), derav Kongsberg Maritime genererer 7,5 milliardar kroner. Samanlagt har dei to selskapa utstyr og leveransar tilknytt nærmare 30.000 fartøy verda over, og den installerte basen og det globale nærværet styrkar eon allereie verdsleiande posisjon med et betydeleg ettermarknad.

- Kjøpet styrker vårt globale nærvær og vil gi økt sals- og servicevolum. Kongsberg Gruppen er leiande på automasjon, navigasjon og styringssystem, medan Rolls-Royce Commercial Marine er komplementære med sine leveransar av propellar, fremdriftssystem, dekkshandteringsutstyr og skipsdesign. Saman har selskapa leiande posisjonar innan digitalisering, «ship intelligence» og konsept for autonomi. Ved å slå dette i hop, posisjonerar vi oss som ein strategisk leverandør av komplette løysingar for framtidas maritime industri, seier Håøy.

- Denne avtalen er gode nyheiter for Rolls-Royce og Kongsberg Gruppen, og kjem i ei tid då maritim industri står ved starten av ein ny og spennande æra, der digitalisering og elektrifisering vil transformere industrien. Rolls-Royce har vore ansvarleg for å leie an innan fleire av desse teknologiske endringane, og med kombinasjonen av dyktige tilsette, marknadsleiande teknologi, og ein ambisjon frå Kongsberg Gruppen om å ta dette til det neste nivået, er eg trygg på at dette vil lukkast i åra framover, seier Mikael Makinen, Rolls-Royce President, Commercial Marine.

Rolls-Royce Commercial Marine har hatt ein betydeleg reduksjon i aktivitetsnivå som følgje av krevande marknadsforhold innan offshorerelatert verksemd. Ein hovudprioritet framover vil vere å sikre lønnsam drift, og samtidig vere ein leiande innovasjonsdrivar i industrien. Kjøpet vil også styrke det norske eigarskapet i den verdsleiande norske maritime klynga, samtidig som bedrifta vil ha ein sterkare nordisk og internasjonal posisjon.