Dette gjorde dei på få år. Byggeprosjektet som dei sette i gang i Fosnavåg på rett side av Tverfjellet i Ura gjorde at Herøy kommune frå å vere kanskje den rikaste i landet, på kort tid vart den fattigaste.

På få år bygde dei for fleire milliardar. Konserthus, hotell og Sunnmørsbadet. Kor mange milliardar dette vart til saman veit ikkje eg, men Vestlandsnytt veit det sikkert, om dei ville tilføye dette.

Herøy vil vere den fattigaste kommunen i landet i uoverskodeleg framtid. For denne gjelda vil berre auke raskt, ettersom tida går. Vi får nedlagde skular, og det vert nedskjeringar for pensjonistane.

Det er ikkje berre Kopperstad sin feil dette, men det er overfylte rådhus og dei folket som er innvalde i kommunestyret som må stå ansvarlege for dette. Men som rådmann er han ansvarleg.

No ser eg at Kopperstad også har lagt kabal for Herøy kommune. Men Sande kommune vil ha dette i Myrvåg. Hadde og tenkt at om Vanylven også ville vere med på eit samarbeid, er det frå Myrvåg.

Neste gong det vert snakk om kommunesamanslåing vert det inga folkerøysting. I Herøy var det berre 20 prosent som stemte. Det var dei som sit på rådhuset pluss deira familiar som ikkje ville flytte eller endre jobb.

Om ti år er det dobbelt så ange som er over 80 år som det er i dag. Det var opplyst kor mange sjukepleiarar som då trengst, og det var store tal.

Herøy kommune ville og legge ned brannstasjonen i Myrvåg. Dette er nettopp staden for ein brannstasjon. Om det er store brannar både i Ulsteinvik og Ørsta/Volda er det her kort veg frå Myrvåg for å hjelpe til.

Gottfred Voldnes, Leikong