Onsdag presenterte Kommunal Rapport det som truleg er landets største måling av kommune-Noreg. Det er viktig å påpeike at dette er ei rangering, og ikkje ein kvalitetskontroll, informerer utviklingsdirektør Ole Petter Pedersen i Kommunal Rapport.

- Det er naturleg at ein kommune har nokre gode og nokre dårlege plasseringar. Ein kommune med lågt inntektsnivå vil også generelt ha dårlegare plasseringar enn ein kommune med høge inntekar. Likevel ser vi at ein del kommunar klart skil seg ut, og det er som regel store forskjellar mellom dei beste og svakaste kommunane innan kvar sektor, skriv han i ein artikkel på Kommunal Rapport sine nettsider.

425 kommunar

425 av 426 kommunar er rangert. Såleis kjem Herøy totalt sett relativt godt ut med sin 133. plass. Kommunen har klatra heile 86 plassar sidan fjorårets måling, då Herøy hamna på ein 219. plass. Sande hamnar totalt sett på ein 306. plass, som er 53 plassar lenger ned enn i fjor.

- I hovudsak gir Kommunebarometeret 2018 informasjon om drifta i 2017, men nokre data vert publisert så seint på året, at det er 2016-tala som vert brukte i årets termometer. Årstalet i tabellen refererer til året Kommunebarometeret vart publisert, skriv Pedersen om nøkkeltala.

Skule og pleie- og omsorg tel mest

Barometeret består av 12 ulike sektorar, med forskjelleg vekt: barnehage, barnevern, grunnskule, helse, kostnadsnivå, kultur, miljø og ressursar, pleie og omsorg, sakshandsaming, sosialteneste, vatn, avløp og renovasjon, og økonomi.

Grunnskule og pleie- og omsorg vert rekna som viktigast og vektar difor 20 prosent kvar, følgt av barnevern, barnehage og økonomi. Desse sektorane utgjer 70 % av barometeret samla.

Grunnskule (20%)

I denne sektoren hamnar Herøy på 134. plass i 2018 mot ein 215. plass i fjor.

Sande kjem i 2018 på 101. plass i denne sektoren, mot ein 76. plass i 2017.

Resultatet er ei samansetting av ei rekkje statistikkar, mellom andre:

- Avgangskarakterar (10. trinn)

- Skuleresultat korrigert for sosiale faktorar på ungdomstrinnet (snitt siste to år)

- Tal på  lærarar med kompetanse til å undervise i norsk, engelsk og matematikk

- Andel lærarar som oppfyller krava til undervisning, trivsel (data frå elevundersøkinga)

- Andel med spesialundervisning

- Andel med leksehjelp.

Pleie- og omsorg (20%)

Her ligg Herøy på 302. plass, og har dermed klatra 84 plassar sidan i fjor.

I Sande er det omvendt. Dei har falle 93 plassar frå nummer 313 i 2017 til nummer 406 i 2018. Årets resultat er likevel betre enn barometeret frå 2016, då Sande låg på 411. plass i pleie- og omsorgssektoren.

Også her er resultata basert på ei samansetting av ei rekkje målingar:

- Andel tilsette med fagutdanning

- Andel bebuarar i institusjon totalt med omfattande bistandsbehov

- Andel plassar til demente, mot tal på personar over 80 år på sjukeheim

- Korttidsplassar av tal på plassar med heildøgns omsorg

- Tid med lege, fysioterapeut og ergoterapeut på sjukeheim

- Andel brukartilpassa einerom på sjukeheim med bad/WC

- Dagtilbod

- Rehabilitering

- Heimetenesta: andel vedtak om heimetenester som vert iverksett innan 225 dagar

- Samhandling

- Tryggleik: tal på tryggleiksalarmar, målt som andel bebuarar av heimebuande eldre over 80 år

- Andel med funksjonshemmingar som får bistand til å delta i arbeid og studiar

Andre plasseringar for Herøy og Sande

Barnehage (10%)

Herøy: 228. plass (164. plass i 2017)

Sande: 398. plass (397. plass i 2017)

Barnevern (10%)

Herøy: 136. plass (310. plass i 2017)

Sande: 308. plass (192. plass i 2017)

Helse (7,5%)

(Blir m.a. målt på legedekning, dekning med helsesyster, psykisk helsearbeid, jordmødrer, skulehelse, innlegging på sjukehus, heimebesøk hos nyfødde, vaksine og medisinbruk)

Herøy: 402. plass (320. plass i 2017)

Sande: 119. plass (151. plass i 2017)

Økonomi (10%)

Herøy: 368. plass (262. plass i 2017)

Sande: 352. plass (417. plass i 2017)

Svakheitene

Ifølgje Kommunal Rapport er den største svakheita med  målingane at interessante faktorar ikkje vert målte i det heile.

- Vi kan berre ta med data som blir publisert kvart år, og som er fordelt på alle kommunar. Nokre kommunar kan rapportere feil, og andre kommunar manglar data. Dei lågt vektlagde sektorane har til dels nøkkeltal der det manglar mange data, skriv Pedersen.