Dette blir søsterskip nummer fire og fem til allereie eksisterande «Havtrans», «Namsos», og «Steigen» hos Norsk Fisketransport (NFT).

- Vi er storfornøgde med «Steigen», som vart feira med ein folkefest av ein båtdåp i Steigen i juni i fjor, seier Oddleif Wigdahl, administrerande direktør i NFT.

Den nye brønnbåten NFT har bestilt blir Havyard sitt 147. bygg og er identisk med bygg nr. 127, «Steigen».

– Vi endrar ikkje vinnaroppskrifta! Og det var enkelt å velje Havyard igjen: Godt samarbeid, høg kvalitet og eit sluttprodukt som er akkurat slik vi vil ha det, seier Wigdahl.

NFT har frist til sommaren 2019 med å nytte seg av opsjonen på ytterlegare eitt fartøy av Havyard Design 587.

Komplett Havyard-leveranse

Alle fem forretningsområda i Havyard Group er med i leveransen;

Fish Handling (MMC First Process) skal levere alt av fiskehandteringsystemet om bord. Power & Control (Norwegian Electric Systems og Norwegian Control Systems) skal levere alt frå bro til propell. Ship design & Solutions står for designet og Shipbuilding Technology skal utruste skipet saman med Production & Services.

Administrerande direktør i Havyard Group ASA, Geir Johan Bakke, ser at samhandling på tvers av forretningsområda i konsernet gir ein totalitet og ein unik fordel som ingen andre leverandørar har

- Brønnbåtbygging er komplisert, og vi hadde ein del tekniske utfordringar då vi bygde Namsos for NFT, men som igjen resulterte i eit særs godt levert Steigen. At NFT ønsker ein 100% lik brønnbåt som søsterskipet Steigen seier veldig mykje om kor bra resultatet vart. I desse nye brønnbåtane er det mykje utvikling av teknologi, og tilpassingar for at skipet skal vere så funksjonelt som overhovudet mogleg, og ha den aller beste fiskevelferda.  Vår kombinasjon av fagfolk, og samarbeidet på tvers av forretningsområda, gjer at vi kan levere akkurat dette. Eg ser frem til å vidareutvikle det gode samarbeidet med NFT i nye prosjekt, seier Geir Johan Bakke.