Det melder Kjetil Haanes på si Facebook-side onsdag morgon.

- Mange spør, og eg skulle gjerne ha kome med gode meldingar, men det kan eg ikkje enno. Men tre av Tesfamariam sine seks barn er ute av fengselet Adi Abieto, skriv han.

Dei tre, som er mellom 10 og 13  år gamle skal ha det bra hos tanta si i Asmara, hovudstaden i Eritrea. Kona Eritrea (45) og barna Urdi (18), Simon (16) og Finot (4) er framleis i fengselet. De sit dei tettpakka i ein hall saman med 70 andre familiar.

- Det vert gjort daglege forsøk på å få vår "norske" familie ut, og heldigvis er det mange andre som også prøver å hjelpe andre familiar. Ei av utfordringane er no at politiet ikkje vil sleppe fri Urdi, som politiet meiner har passert 18, og dermed er klar for militæret.

Det vert no prøvd å skaffe dokumentasjon frå ei kyrkje på at han ikkje er 18 slett enno. Dei har også bede om meir dokumentasjon rundt alder på den yngre broren, Simon. Det vert gjort nye forsøk på å få resten av familien fri i dag, skriv Haanes.

Til saman har folk gitt heile 101.000 kroner til aksjonen for å redde Tesfamariam sin familie ut av fengselet, etter at dei, vart tekne i arrest på eritreisk side av  ei fjellgrense til Etiopia. Av desse pengane er 97000 kroner trygt overførte og vert brukte til å få heile familien ut av fengselet, informerer Haanes.

- Pengane kjem no godt med, og utan desse hadde det vore lite håp. Tusen takk!