- Vi er strålande fornøgde med vekst i publikumstalet, med veret og med utviklinga av spelhelga, seier styreleiar Linn Therese Sævik.

I samband med ei ringverknadsanalyse som blir gjort av Fylkeskommunen for spela i fylket hadde «Kongens Ring» også spørjeundersøking mellom dei som kom på spel.

- Det viser det vi har håpt og trudd – at «Kongens Ring» er eit spel for heile Nordvestlandet.

Elles gler styreleiar Sævik seg over at nyskapingane både med Kongens hagefest og vikingleir vart svært godt motteke av publikum.

- Vi hadde ein fantastisk kveld i bakhagen på Herøy gard med rundt 200 gjester, levande musikk og nydeleg mat.  Dette var så vellukka at vi har veldig lyst til å gjere det neste år også.

Sævik fortel også om god stemning blant dei mange barna – og vaksne – som kosa seg i vikingleiren.

- Det var ei fryd å sjå barna leike med sverd, skyte pil og boge om kapp med foreldra og lage seg vikingpungar. I det gode veret gjorde vikingleiren at det var mange som vart verande ekstra lenge på besøk på Herøy .

Vellukka kulturprosjekt

«Kongens Ring» vart i år vist for 27. år på rad. Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen opna spelet og kommenterte mellom anna dei 9000 dugnadstimane som ligg bak kvart einaste år når spelet skal arrangerast.

- Det er ein formidabel innsats som blir lagt ned kvart år, og som er ikkje mindre enn imponerande. De har også lukkast i å skape ei merkevare som går langt utover lokalsamfunnet sine grenser, og dermed er det også ein viktig økonomisk verdiskapar i lokalsamfunnet.

Styreleiar Linn Therese Sævik set pris på at fylkeskultursjefen også ser at«Kongens Ring» eit vellukka kulturprosjekt.

- Og med slike tal og den utviklinga vi har sett i år, så gler vi oss til spelsommaren 2019 og ny magi med spelet ved Stadhavet.