«20 år gamle Maria Sporstøl frå Dragsund har teke over varelageret etter Min Botique og starta opp for seg sjølv i dei gamle lokala».

Vitnesbyrdet på den store dagen stod å lese i Vestlandsnytt torsdag 22. juli 1993.

«Laurdag var det nyopning, og som skikken er, venta det blomster til den aller første kunden. Anne Kvalsvik var først over dørstokken…»

Maria Sporstøl Leine hugsar godt den dagen. Alt hadde gått veldig fort.

- Det var det ein kan kalle ei impulsiv handling. Men familien min støtta meg 200 prosent og hjelpte meg med alt som skulle til for å starte opp. Frå eg tok opp telefonrøyret og melde interesse for lokalet, til eg opna butikken, gjekk det 14 dagar.  No har det vart i 25 år, seier ho.

(Saka held fram under bildet)

Frå opningsfesten, 17. juli 1993: Maria (til høgre) saman med dagens første kunde, Anne Kvalsvik. Foto: Arkiv

Skulle eigentleg bli designar

Maria drøymde først om å bli kledesignar.

- Eg hadde gått tre år på «Kjole- og draktsaum», og  tok svennebrev. Men eg kom ikkje inn på den skulen eg ville gå på i Oslo, så eg måtte ha meg eit friår. Eg fekk meg jobb på butikken «Nytt og Nyttig» i Fosnavåg, seier ho.

Der fekk den unge kvinna moglegheit til å utfalde seg, ikkje berre med stoff, men også med sal av kle.

- I løpet av det året fann eg ut at eg også treivst godt med å jobbe med kle som andre hadde laga. Og eg likte meg godt i butikk. Draumen om kva eg ville bli endra seg i løpet av det året, seier ho.

Og som vi allereie veit, bestemte ho seg fort. Kort tid etter at praksisåret på Nytt og Nyttig var omme, stod Maria bak sin eigen disk.

Dei første plagga

Butikkeigaren frå Dragsund minnest framleis dei første plagga ho selde, og ikkje minst kjensla ho fekk då ho såg dei på framande folk i lokalmiljøet.

- Det var spesielt eitt ganske sommarleg sett, med vid bukse og ein smårutete overdel, som eg selde mykje av. Eg trur det var av merket «B.Young». Det var så stas å sjå folk eg ikkje kjende, som hadde på deg «mine» kle, seier ho.

Bursdagsfesten

Måndag og tysdag er butikken stengt, fordi der mellom anna vert lagt nytt golv. Onsdag er det elles klart for 25 års-bursdag med brask og bram.

- Det vert ei lita bursdagsgåve til alle som kjem, og alle varene har «bursdagspris». Kvar time kjem det inn nye varer inn i butikken. I tillegg skal vi dele ut goodiebags. Alle kundar denne dagen er  dessutan med i trekning av flotte premiar, seier Maria.

Det vert lett servering heile dagen.