Ein basstone buldrar gjennom lufta over spelplassen på Herøy gard. For første gong sidan starten i 1992, kjem den ikkje frå Bjørn Holum si velkjende røyst. Tonen er instrumental. Den fylgjer Elise Nærø sin sakte gonge fram mot utescena. Når ho opnar munnen, strøymer høge, melodiøse tonar ut. Med det har ho gitt oss ein ny og fullstendig gripande formidling av byrjinga på forteljinga om Kongens Ring.

Ein og ein halv time seinare står publikum og jublar under skyfri himmel.

Så snart applausen har lagt seg, snur vi oss mot ein av tilskodarane bak oss, Frank-Levi Kvalsund. Trass i at dette er den 27. oppsettinga av Herøy sin største kulturelle stoltheit, er det nemleg første gong han ser det berykta spelet.

– No, kva synest du?

– Ja, no er eg heilt «ferdig». Det vart litt tårer, det må eg innrømme. Både skodespelet og songen var fantastisk. Og ikkje minst dramaturgien! Det var ikkje kjedeleg eitt sekund, skryt Frank-Levi.

Ved sida av han sit dottera, Ella Shola Almestad, som er 12 år på premieredagen.

– Det er kjekt å feire bursdagen min her. Eg skjøna ikkje alt, men det var veldig spennande likevel, seier ho.

Regissør Gerald Pettersen står på spelplassen med blomar i handa, delvis omringa av ei gruppe skodespelarar.

Tilsynelatande er han allereie i gang med å påpeike små justeringar til neste framsyning. Vi bryt inn:

– Korleis er kjensla no?

– Vi har hatt kort tid på øve inn dei forandringane vi har gjort i år, men eg føler at det har gått bra. Eg la merke til nokre detaljar som kunne vert gjort betre, så det får vi prøve å få til på neste førestilling, seier han.

Rundt han haglar elles lovorda. Ein mannleg tilskodar kjem fram og tek regissøren i handa:

– Det var tidenes beste Herøyspel, og eg har sett mange!

Underteikna har berre sett eitt før, og har såleis ingen meining om den siste oppsettinga var den beste. Men utifrå summinga på spelplassen å døme, verkar det som at dei fleste vart mektig imponert av den siste versjonen.

Herøyspelet handlar om mykje meir enn sjølve framsyningane.

I tillegg til matsal og yrande folkeliv, vart det i år, for første gong laga til «vikingleir» for barn, med artige leiker og aktivitetar. Laurdag kveld inviterte dessutan dugnadsgjengen i Herøyspelet til «Kongens hagefest» med gourmetgrillmat og levande musikk.

Nesten 200 aktørar var i sving på sjølve sceneområdet, og rundt 150 personar var engasjerte i støttefunksjonar under spelhelga.

Ifølgje styreleiar Linn Therese Sævik er det dessutan blitt lagt ned 9000 dugnadstimar i Herøyspelet dei siste månadane. Lat oss difor sitere noko av det fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen sa i si opningstale:

– Herøyspelet trekkjer folk frå langt utover kommunegrensene. Såleis er det ein viktig økonomisk verdiskapar i lokalsamfunnet – for næringslivet og for merkevara. Herøyspelet Kongens ring er eit veldig vellukka kulturprosjekt.