Månelanding i lokalbladet

Vestlandsnytt rustar opp i kampen om lesarane. IKT-assistert distribusjon og tabloide humoristiske overskrifter skal berge bladet frå nedlegging. Bladet er seint ute med IKT-assistert distribusjon, og vil ikkje skrive om IKT-assistert undervisning. Er bladstyraren teknologiskeptikar?

IKT-assistert læring: Sande Vest ønskjer meir bruk av IKT-assistert undervising.   Foto: Globalskolen

New Articles

Med denne tabloide overskrifta i spedd litt ironi og spit, tek vi imot invitasjonen bladstyraren kjem med på leiarplass 15.06.18, der han ber lesarane kome med ris og ros og innspel vi vil dei skal rette søkelyset mot. Vi har tidlegare over sendt avisa vårt materiale om IKT assistert undervisning, og bede avisa sette søkelyset på og informere lesarane om denne nye trenden. Vi tek til vitande at bladet ikkje vil sete søkelyset på dette tidsaktuelle temaet. Den jobben vil vi derfor gjere sjølv.

Kritikk og nedleggingstruga grender

Utover litt innleiande mediekritikk, skal dette innlegget ikkje handle om lokalbladet slik overskrifta tyder på, men i staden handle om nedlegging av grendeskular, øyding av bygder og i ytste konsekvens slutten på ein tusenårig kystkultur og busetting.

Vi spør om det finst botevon for grendeskulen og dermed grenda. Kva er minstekravet til infrastruktur for å oppretthalde og bygge ny næring og arbeidsplassar i havrommet?

Kva er minstemål av tilbod til dei få som vil drive matproduksjon   og halde i hevd naturlandskapet som ein umisseleg innsatsfaktor i turistnæringa?

Kva med dei få som framleis vil bu og nyte livskvalitetar du berre finn på bygda. Kva med IKT-assistert undervisning?

Ei fleksibel og klimanøytral løysing utan låsing til fysiske kostnadsdrivande lokalitetar, upåverka av skiftande men stødig minkande folketal og elevtal.?

Månelanding i Sande

Dette var overskrifta til Vestlandsnytt sitt referat frå Sande kommunestyre 09.02.18

Den sensasjonstunge tittelen viser til debatten om skulestruktur. Tverrpolitisk liste Sande Vest sin vararepresentant nytta metaforen i ein appell til opposisjonen om å stille seg bak eit framlegg om utgreiing til alternativ undervisning. "Saka er så viktig at vi må få det greidd ut sjølv om utfallet er svært usikkert. Dersom vi lukkast kan dette bere i seg ei månelanding for busetting i distrikta i fortsettinga” – her i tydinga ei redning for grendeskulane og dermed grendene.

Lesarar av Vestlandsnytt kan no sleppe pusten og chille ned som det heiter. Det vert inga månelanding i Sande med det fyrste og det er heller ikkje planlagt slik storhende her, med det vi veit.

Referenten viser til at innlegget frå representanten var langt. Kan det vere at han ikkje greidde henge med i argumentasjonen?

Likevel, det morosame ordspelet kring månelanding og astronaut og den litt nedlatande passusen om «representanten for bygdalista i ytre som gjer greie for nye måtar å drive skule på», vitnar om at humor her vart medvite prioritert framfor sakleg informasjon til lesarane.

RIS:

Vi meiner avisa fortener ris for ikkje å ha referert frå dei to dialogmøta om skulestruktur Sande Vest arrangerte med skuleborn-foreldra på Sandsøy og Kvamsøy. Frå møta kunne avisa ha formidla utfyllande informasjon, gode motargument, tetta hol og rette opp manglar i avisa sitt opphavlege kommunestyrereferat.

ROS:

Avisa fortener ros for å prente denne til dels kritiske artikkelen.

DETTE VIL VI SETTE SØKELYSET PÅ

Busettingsmønster

1822 passerte folketalet i fedrelandet 1 million. 1830 budde det 87 % utanom byane. Utstrekning av busettinga langs kysten, slik vi ser den i dag, er frå den tida. Frå 1840 skaut industrialiseringa fart og folkeoverskotet flytta til byane og livberga seg der, eller dei emigrerte.

I dag bur det om lag like mykje menneske i grisgrendte strok men dei utgjer berre 18 prosent av ei befolkning på over 5 million og minkar med om lag 1 prosent pro anno.

Næringsstrukturen til fiskarbondefamilien er borte for lengst og busettinga vert freista halde oppe ved statleg politisk konsensus, overføringar og eit makelaust høgt energiforbruk. Pendlingslengda og talet på pendlarar til og frå arbeid og skule aukar. 

Fleire gjev opp og urbaniseringa let seg ikkje stoppe.

Nokre få vil verte verande att i matproduksjon på hav og land, nokre vil drive turistnæring, og utruleg nok – finst det nokre få att med andre interesser og verdiar i livet enn lett tilgang til kaffi latte, bileksos og restplassar til eit stadig fjernare Syden.

Utan eit skuletilbod må desse også gje tapt.

Skulenedlegging

Dei siste 30 åra er det lagt ned ca. 1400 skular her i landet, over halvparten av desse er nærmiljøskular også kalla grendeskular.

I fylgje NTB er 300 grunnskular lagt ned dei siste 10 åra. Nærare 25000 elevar er råka av nedlegging.

Dei som veks opp ute på bygda i dag må rekne med 10 til 13 år pendling på buss og eller båt i stadig lenger avstand mellom heim og skule, før dei til slutt flyttar til byen og vert der verande.

Samstundes viser ei undersøking NRK har gjort at ca. 1500 elevar i grunnskulen i dag får IKT assistert undervisning.

Øy utan skule

SOFT-analysen frå Høyringsdokument – Skulestrukturen i Sande kommune fastset slik påstand under kategorien Truslar: Nærskulen vert lagt ned i bygder – noko som vil vere ein trussel for utvikling av bygdesamfunnet.

Denne påstanden er vel ikkje eit resultat av tungt analytisk strev, men meir klipp og lim frå boka om det sjølvsagde.

Vi vil klippe frå den same sanningskjelda og legge fram at slik nedlegging i ei veglause bygd er ein mykje større trussel for utvikling av bygdesamfunnet enn for bygder med vegsamband.

SOFT-analysen skil ikkje på dette og det er ein mangel.

Kommunen har fått tilbakemelding frå næringsliv og private om dette.

Kva er IKT assistert undervisning?

IKT assistert undervisning er eit samlande omgrep på dei digitaliserte undervisningsprosessane Asynkron undervisning og Synkron undervisning.

Asynkron undervisning er vel å rekne som ein modernisert variant av den gode gamle brevskulen, der papir og blyant er bytta ut med PC og dertil egna programvare. Globalskulen i Volda driv i all hovudsak med slik undervisning, retta mot nordmenn i utlandet.

Synkron undervisning er ein nyare variant som no grip fort om seg, og inneber i all hovudsak vanleg sanntids klasseromsundervisning, men der elevane er spreidd geografisk i ulike fysiske og virtuelle klasserom.

Det finnast fleire tilbydarar på ulike nivå. Utdanningsdirektoratet tilbyr matematikkundervisning på VGS nivå på Synkron plattform.

Sist ute er Universitetet i Søraust-Norge – UNS der fakultetet for estetiske fag og lærarutdanning tilbyr Synkron undervisning i ulike fag.

Synkron undervisning er ikkje noko bygdelista i ytre har funne opp. Google i veg på Synkron undervisning ….

Tverrpolitisk samling for ei ufarleg utgreiing

Ei brei forankring i politisk miljø er viktig for å lukkast med ei slikt pilotprosjekt. Arbeidarpartiet og FRP har gått til val på ikkje å endre skulestrukturen på øyane før SAFAST er spikra. Ettersom ei avgjersle om SAFAST dreg ut, får vi tru at dei vil ha greia ut vårt forslag. Senterpartiet har uttrykt skepsis, men som distrikta og utkantane sin forsvarer reknar vi dei også som inne.

Vi vil undersøke i kva utstrekning Synkron undervisning kan nyttast i grunnskulen. Delvis eller heilt, eller ei blanding av fleire metodar.

Berre ei utgreiing og utprøving kan gje svaret. Uansett kan her vere noko å hente for betre resursutnytting i heile Sande-skulen.

Vi vil at Kvamsøy og Sandsøy skule skal utpeikast som forsøksskular.

Det er særleg viktig for Sandsøy skule at den vert halde open i alle fall i to år til medan der enno er elevar. Sandsøy treng snarleg tilflytting for å kunne forsvare utgiftene til vidare tradisjonell skuledrift. Vi våger denne påstanden: Ingen skule, inga tilflytting.

Dei to skulane vil utgjere eit oversiktleg og tydeleg avgrensa forskingsobjekt.

Begge skulane har enno ein stamme av svært kompetente lærarar.

Det vil vere til dels balansert likevekta elevtal i begge skulane dei to neste åra.

Vi vil søke om forskingsmidlar til utgreiing og forsøksdrift.

Vi vil søke om ekstraordinære tilskot til ordinær drift for å kunne frigje fast personell til å delta i prosjektet og bygge kompetanse.

Undervisninga skal ikkje setjast ut på anbod. Sande-skulen sine eigne tilsette skal undervise som før.

Dersom Vestlandsnytt vil skrive om potensielle astronautar i dette prosjektet må dei leite i lærarromma. Vi har tiltru til at dei tilsette i skulen greier å fokusere på løysingar og ikkje problem, sjølv om dette ofte er kneiken under endringsprosessar i høgkompetente fagmiljø.

God skuleferie, god sommar!

Helsing

Bjørn Flatøy

Ove Myklebust