Den gløymde generasjonen

I ungdomen høyrde eg om mirakelteknologi frå USA – svære tenkemaskinar dei kalla datamaskinar. Dei fylte gymnastikksalar og kosta ein del millionar 1950- og 1960-tals dollar.

  Foto: Illustrasjonsfoto

New Articles

Ingen i min generasjon fekk opplæring i slikt.

Mange har nok lærd i ettertid, men om eg har høyrt rett, er det ein stad mellom 50.000 og 100.000 eldre som aldri fekk læra IT. Eg er ein av dei heldigare av desse, for eg greier trass alt å nytta ein PC som skrivemaskin – mange greier ikkje det ein gong.

Men no har nye generasjonar vakse til og overteke styre og stell – generasjonar der IT er så innarbeidd at «det er då noko alle kan».

Ja, kven kan ikkje IT «på fingrane»? Eg fekk høyra at var det nokon som ikkje kunne så enkle ting, tilhøyrde dei «ein gløymd generasjon».

Og vi ser at det er tankegongen. Sjølv det offentlege samfunnet fortel oss no at vi ikkje tel med lenger. Brev kjem ikkje til oss, men som melding på PC: «Slå opp på våre sider, så finn du (og kan lesa) brevet». «Viktig brev til NN. Slå opp der og der og finn det.» Om mottakaren meistrar teknologien eller ikkje, er det hans eller hennar problem, og: «Straffa blir den som – – - -».

Når ein så ikkje kan nok til å greia å finna fram på omfattande datasider i mengder av firkanta oppdelingar, ja, kva gjer ein då? Særleg i dei tilfella der ingen av alternativa og firkantane passar med det du har bruk for å kontakta dei om? Eller dei gongane ein trass alt finn fram, men ikkje skjønar kva dei vil?

Ja, for det er ikkje berre å rå med maskina. Ein må kunne manøvrera seg fram til «firkanten» ein har fått melding om. Og ein må ofte og kunne dataspråket, både for manøvreringa, og for å skjøna kva dei vil eller snakkar om. Og har ein ikkje lærd det, er ein nokså hjelpelaus.

«Den gløymde generasjonen»

«Slik er lova», er samfunnet si greie opplysning når dei gjev deg skulda for bot eller pålegg

Eg er nokså langt oppe i 70-åra, og eigentleg for lengst pensjonist, men eg har arbeidd heile livet, og eignar meg ikkje til å sitta dagane i ein sofa – og slett ikkje med det TV-en byd på. Eg treng noko å gjera, og har eit lite, halvsovande firma eg puslar med. Då har eg noko å gjera på, og eg får den mosjonen legane tilrår.

Men. For litt sidan fekk firmaet melding om at eg ikkje hadde send inn eit skjema eg rett og slett ikkje visste om, at det var straff for slikt, og at det måtte – måtte – sendast inn elektronisk.

Vel, eg greidde ikkje å finna skjemaet. Likningskontoret i den temmeleg store heimbygda mi er for lengst nedlagd, så eg tok bussen 60 km til «byen» og skattekontoret der. Etter ein del venting fekk eg god og grei hjelp – men dagen gjekk med. Og i og med eg var for sein av di eg ikkje meistrar IT godt nok, og dermed ikkje vart klar over skjemaet, risikerer eg straff – straff av di eg høyrer til ein generasjon som IT-nerdane ikkje reknar med lenger, så det ikkje er så nøye om dei får informasjon på måtar dei greier å skjøna.

Media fortel at det er nokså vanleg småfirma gjer slike småfeil av ei eller anna årsak – dei kan ha gløymt eller oversett noko, eller meistrar ikkje IT godt nok – i og med dei ikkje har same resursane og juridisk avdeling slik dei store har, og at gjenomsnittsbota ligg på 50.000 kr, den same som økonomiske kjemper ville fått. Berre alvorleg kriminelle får så store bøter.

Til dømes treng ikkje ein sjølvstendig snikkar vera dataflink for å reparera ein veranda – men no har menneskekunnskapslause maktpersonar gjort det straffbart ikkje å vera det. Også for dei samfunnet aldri gav opplæring i slikt.

Vel, for nokre dagar sidan fekk eg eit personleg melding – som vanleg: «Viktig brev til NN. Se på våre nettsider», og merka «No reply», så det ikkje var mogeleg å kontakta kjelda – og ingen referansar til kvar i nettsidene. Eg greidde ikkje å finna noko til meg. Så eg sende «sneglepost», for å nytta IT sin nedlatande terminologi – vanleg brev – og bad høfleg om dei kunne legga det inn på mi mailadresse, eller printa det ut og posta det.

Eg har ikkje fått svar.

Og i dag fekk eg eit liknande melding, men med anna ordlyd – tydelegvis eit anna brev. Det var dropen.

I ei datatid er det ikkje det minst vanskeleg å gje dei som ikkje meistrar IT høve til å registrera reservasjon, og legga inn automatisk vidaresending av brev til nettsidene deira, dersom dei har såpass IT-kunnskapar, eller til automatisk utskriving og posting.

Dyrt? Pengar å spara?

Samfunnet brukar store resursar på unge med manglande kunnskapar – men eldre med manglande nye kunnskapar er verdlause, og ikkje verd ei lita hjelp – eller lov til å nytta ein gamal metode så dei ikkje treng hjelp. Staten brukar og frå 100.000 og langt oppover pr. flyktning – inkludert økonomiske «flyktningar».

Medan landsmenn som i kan henda 50 år – i mitt tilfelle nærare 60 – har vore med å bygga opp landet, ikkje er verd nokre få frimerke i året, slik at dei kan sleppa utryggleiken om kva som skjer, og kan henda store bøter for ting som lett kunne ordnast, dersom ikkje «dei vise» gav blaffen i delar av «den gløymde generasjonen» sine meget små ekstra behov. Vera fullverdige medborgarar, og i tillegg sleppa den dulme redsla: Skjer det noko vondt eg ikkje kan avverja av di eg får ikkje informasjonen på ein måte som eg meistrar?

«Den gløymde generasjonen»? – eller er vi «Den fortapte generasjonen»?

Ein 100 % sikker spådom til slutt: Når de 30- og 40-åringar, ja, sikkert 50-åringar og, som no sit i mange nøkkelposisjonar, vert så gamle som eg, vil det vera komne nyvinningar mange av dykk ikkje meistrar. Har de då ein tanke for kor ovanfrå-og-ned de gjekk fram ovanfor – ja, «den gløymde generasjonen»?


Martin Andreas Engeset, Ørsta